FROKOST OG HEIMEKONTOR PÅ I SENGA <3

Annonse

Akkurat no ligger eg i senga. Marlon ligger i senga si ved sida av vår, han skal ha sin første kvil for dagen. Eg kryssar fingrane for at den skal vare ei stund, for eg har veldig lyst og behov for å lukke augene sjølv. Det blirikkje så mykje søvn på meg for tiden, som forventa så klart, men eg er ikkje så god på lite søvn.

Sjølv om det ikkje blir så alt for mykje soving på meg, så brukar riktig nok mykje tid i senga! I dag har eg laga meg frokost som eg har tatt med inn på soverommet. Frokost på senga er nemlig noke av det beste eg veit. Trenge ikkje vere så fancy, enkel frokostblanding, kaffi og appelsinjuice. Da er eg meir enn happy, gjerne akkompagnert av God Morgen Norge på tv og ein sovande baby. Liten luksusfølelse, sei. Det beste er sjølvsagt å bli overraska med frokost på senga.

Sengetøy, serveringsbrett og servise- alt du ser er fra Kremmerhuset. Eg har lenge ønska meg gullbestikk, og endelig har eg skaffa meg det. Serviset heiter Emilie og er i ein nydelig grønnfarge. Det er stentøy, som gjer det slitesterkt, tåler både mikro, vaskemaskin og ovn opptil 200 grader.

Og så elskar eg dei kystallinspirerte glassa som ein like gjerne kan bruke til kvardags.

Sengetøyet er i 100% økologisk bomull, og akkurat no får alle medlemmer av kundeklubben 50% på alle sengesett. God deal!

No skal eg skynde meg å sove litt før verdens beste guttebass våkna. Eg skal kose meg i nytt, deilig sengetøy.

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.