Ein liten oppdatering på tingenes tilstand. Eg er ganske så gravid no, ganske så tung og småforsynt. Eg hugsar fra forrige graviditet at det var ein lang rugeprosess, men at det var så drøyt- det minns eg ikkje.

Men det er ein grunn for alle desse dagane og månadane. Det må vere sånn. Så misforstå meg rett, eg følger notane etter punkt og prikke og er happy med det. Eg er nok berre ein rastlaus sjel som ikkje fort nok kan komme i mål. Det kribla i heile kroppen når eg tenker på at eg snart skal få ha han i armane mine.

Eg har ein del ubehag no. Ein rygg som ikkje er god, på godt norsk- it’s killing me! Eg har urolige bein på kveldane (spesielt rett før eg skal sove), har lyst å kutte dei av innimellom.
Halsbrann. Ekstremt ekkelt å gulpe seg gjennom dagane. Og så har eg voldsomt med kynnarar. For dei som lurer så er det sammentrekningar i livmora, den gjer seg klar for fødsel.
I det store og heile har eg sikkert ingenting å klage på, men eg klagar litt likevel. La oss kalle ein spade for ein spade- det er heftig å bære fram eit barn. Også er det jækla rått! Hadde eg vore mann hadde eg vore misunnelig på kvinna som har fått utdelt denne oppgava- for det er eit vanvittig opplegg.


Om ikkje lenge ligger eg på fødestova og hyler som ein stukken gris. Eg ser skikkelig fram til det. For mange høyres det kanskje sjukt ut å glede seg til, men eg gjer det. Heilt klart fordi min forrige fødsel med Billie var så fin (vond óg så klart, men fin). Det er det råaste eg har opplevd og eg følte meg så sinnsjukt sterk. Det er selvfølgelig ingen garanti for korleis den kommande fødselen blir, kanskje blir den heilt anleis, kanskje blir den grusom. Dette veit ein heldigvis ikkje på forhånd, og det trur eg er like greit. Uansett syns eg det er viktig å formidle at det finns veldig mange fine fødeshistoria, sjølv om ein veldig ofte høyrer og les om dei som ikkje var så bra.

Ein liten shout out til alle gravide damer der ute, herregud så flinke de er! Og til alle dikka andre. Takk for at de tek så godt vare på oss gravide, for det må eg virkelig sei, eg føler meg skikkelig “passa på”.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.