No sprekker eg snart av både stor mage og nysgjerrighet. Eg lurer så innmari på kem som er inni magen min. Korleis ser han ut, korleis er han? Eg gleder meg slik til å treffe han og holde han og snuse på han. Lille gutten min som eg på ein måte kjenner så godt, samtidig ikkje i det heile tatt.

Alt er klart her heime. Senga er nyoppredd med print av små koalabjørnar, stellebordet er fyllt med mini-bleier, klutar og halve apoteket. Vippestolen står klar i stova og pysjane ligger pent bretta i kommoden. Eg er litt hønemor, men det gir meg ein så stor glede å forberede dette, det gjer óg at eg skjønnar enda meir at dette faktisk snart skal skje. Her er eg nyfødd på Lærdal Sjukehus. I armane til mamma <3 

Are, Tale og meg. Eg er så glad for å ha søsken. No er eg lykkelig for å endelig kunne gi det til Billie.

Det er kun 17 månader mellom Tale og meg. Imponerande tett etter min meining. Mellom veslebror og Billie blir det 6,5 år. Det blir nok perfekt på sitt vis det óg. 

Mamma, Tale og meg. 

Dagane blir litt lange no. Sjølv om eg ikkje har uttalt når terminen er, så treng ein vel ikkje å vere rakettforskar for og skjønne at den er rett rundt svingen. Eg føler meg moden og poppeklar.

Billie er ganske så lik på Markus, kanskje vetlebror blir lik meg? Eg håpar han får litt av oss begge.

Kom snart no, vetle M.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.