10 ting å finne på i karantene

Det kan fort bli lange dagar i desse tider, og mange har sikkert både barnehagebarn og skulebarn som skal følgas opp og aktiviserast. For vår del er det ingen obligatoriske forpliktelsar sidan Billie fortsatt går i bananis.
 
  • Men eg treng å finne på ting, og gjerne ting i heimen som har hengt over meg over lengre tid. Det gir ein god følelse og gir masse energi. Her er ti ting du kan gjere i heimen i desse karantene-tider:
  • Rydde i skap. Eg, og sikkert mange med meg, har skap som burde ha vore rydda i for lenge sidan. Eg har tatt for meg eit og eit skap over fleire dagar, kasta og sortert. Ein renselse i seg sjølv. Spesielt godt er det å rydde i klesskapet. Kanskje kan du få hjelp av kjæreste eller barn? Det hjelper ofte å få andre sin meining. Eg blir iallfall litt mindre kritisk da.
  • Vaske vindauger. Ja, i know, det er både kjedelig og slitsomt. Men viss eg kan komme med eit tips, ein av mine bedre kjøp dei siste åra; Kärcher Vindusvasker. Altså, det blir ein LEIK å få skinnande reine vindauge. La sola stråle inn i stova!
  • Lag mat. Det er perfekt å dyrke kjøkkenkunnskapane. Eg for min del har testa mange smoothie-oppskrifter, eg har baka kanelbollar, sjokoladekake, laga digg pasta m.m. Kanskje er det ein rett du har hatt lyst å prøve deg på? Ein fortjener iallfall litt god mat i desse tider. Og litt godis. Har 30 kanelbollar i frysaren, eg. Skummelt og digg!
  • Heime-spa. Sett av ein time eller to ein eller anna dag i veka. Kur håret, shave leggar, ta ansiktsmaske. Kanskje ta eit bad eller ein laaaang dusj? Lås døra og køyr aleinetid. Det har du både godt av og fortjent.
  • Les ei bok. I går fekk eg Markus til å stikke innom bokhandlaren for meg. Eg har sjeldent ro i kroppen til å sette meg ned med ei bok, og om kvelden er Markus og meg serie-junkiar. Men NO har eg tid, og roa må eg berre finne. Eg fekk boktips av Sophie Elise, så no skal eg lese “Jeg skulle ha sagt jeg elsker deg” av Audun Myskja og “Historien om ekteskap” av Geir Gulliksen. Eg gler meg! Kanskje ta med boka på heime-spa? Heilt klart.

  • Ta kontakt med venner og familie. Eg har noken venner eg snakkar med omtrent kvar einaste dag, men eg har óg mange som eg BURDE ha kommunisert mykje oftare med. Ingen unnskyldning til å ikkje fyre av ein tekstmelding eller ta opp røyret no. Tenk så hyggelig da, og ikkje minst får du letta litt på samvittigheten.
  • Hagearbeid. Skjønnar at denne ikkje gjeld for alle. Men enten om du har ein hageflekk eller balkong så er det ikkje for tidlig å starte med vårreingjeringa. Gjer klart for vårblomster, urter og utemøblar. Ein fantastisk tid i vente!
  • Lag spelelsister på Spotify (eller andre musikktjenester). Eg er ei som stadig lagar nye spelelister og er relativt oppdatert på ny musikk. Eg er riktig nok alltid gira på å oppdage ny/gammal musikk. Kanskje kan ein sette av tid til å surfe gjennom haugevis av musikkbibliotek? Lag ei liste til dømes for rolig musikk, ei for trening, fest, middagsselskap, biltur, barnemusikk… You name it.
  • Trene. Det er mange som savnar treningssenteret, men det er ingenting i vegen for å få til ei skikkelig god økt heime. Det finns bøttevis med inspirasjon på feks Instagram. Mine favorittkontoar er @annemarefsnes & @ingerindubai. Ellers er det jo berre til å spenne på seg joggeskoa å spurte utanfor døra. No excuse!
  • Kvalitetstid med dei du er mest glad i. For min del er det Markus og Billie, og det er rimelig kos å få bruke så masse tid i lag med dei. Ingen vekkerklokke, sein frokost og rikelig med tid å ha gode samtalar. Det er deilig å ikkje vere ho stressa mammaen og kjæresten. No er eg ho som prøver å gjere det beste ut av situasjonen, og prøver etter beste evne å gjere kvardagen finast mulig.


Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.