TONE DAMLI X SKAPPEL

HURRA!! Endelig er strikkekolleksjonen min med Skappel ut og eg er megastolt!!

Eg er veldig glad i heimestrikk. Dette er noke eg har vokst opp med. Mamma strikka mykje til meg og Tale da vi var små og Besta holdt oss alltid med sokkar. No er eg heldig som har fleire strikkekyndige rundt meg, og sjølv er godt på veg til å bli sånn nogenlunde flink. Eg syns iallfall at det er veldig kjekt, og eg kosa meg med det. Eg har óg to tanter, ei svigermor og ei bonussvigermor som med glede stikkar til ungane, meg og Markus. Heldige er vi, og i mine auge er dette dei finaste klea, kle som er gode, varme, fine og ikkje minst at dei går i arv. Det syns eg er ein fint ting. Seinast forrige veke sendte eg med søskenbarnet mitt ein nydelig rosa strikkegenser som tanta mi strikka til Billie, no går den videre i familien. Det syns eg er hyggelig. 

Pappa, mamma, Billie, Markus og meg. Familien samla på fotoshoot.
Gensaren og skjørtet Billie har på seg heiter sjølvsagt “Billie” og den eg har på heiter “Tone“.

I august i fjor hadde vi shoot i Sogndal. Pappa og tanta mi driver planteskule der, så eg ville ta bildene ein plass der eg følte eg høyrte heime. Derfor reiste vi ut Slinde der det er masse frukt-tre og ein liten vingård. Det er så ekstremt vakkert der. Sånn postkort-vakkert. Billie var med og Marlon i magen min. Eg må sei at det er ein av dei finaste og mest personlige fotoshootane eg har hatt noken gang. Alle mine nærmaste samla på ein plass som ligger hjertet mitt nært. Bilder og minner eg vil ha for resten av livet.

Eg elskar denne kolleksjonen. Billie syns det er så kjekt å matche med både meg og Marlon, uten at vi er heilt like riktig nok. Alle plagga har sin eigen lille twist. Fargar som går igjen i dei ulike plagga, men med ulikt design. Mange av dei like fine på jente som på gutt.

Venen

Kanskje du har lyst å strikke ein av plagga i kolleksjonen? Du finner heile kolleksjonen her. Strikkesetta blir óg solgt i utvalgte garnbutikkar i heile Norge. Oversikt over alle Skappel-forhandlarar finner du her.

Gensaren eg har på meg heiter “Gjertrud“, oppkalla etter mi fine Besta som nyleg gjekk vekk. Billie sin heiter “Summerred“, min favoritt eplesort.
Sjå så fint det er på Slinde. Eit lite paradis.
Vetlegull og meg blant vindruer. Gensaren Billie har på heiter “Aaberge” og min heiter “Ester”, oppkalla etter den eine tanta mi.
Denne nydelige gensaren heiter “Tale“, oppkalla etter søster.
Eit superfint sett til baby som sjølvsagt heiter “Marlon“.
Elska denne som eg har kalla for “Hilde“, oppkalla etter mamma.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.