Det er tidlig kveld og eg svir i augene. Det har eg gjort i heile dag. Kjennes ut som eg har vore på hardfylla, noke eg på ingen måte har. Kan faktisk ikkje hugse sist eg var på fest. Eller jo, det var Tshawe sin 40- årsdag i januar i fjor. Eg savnar ein fest no, veit mange gjer det altså.

Eg svir i augene fordi eg er heilt most, trøtt, kaputt, ferdig… Eg låg ein time i går uten å klare og sove, sikkert fordi eg venta på at Marlon skulle vakne. 01:15 sovna eg omsider etter å ha mata han. 01:30 kom Billie inn, borga av sofaputer ho hadde bygd i senga si hadde rast sammen, og eg måtte hjelpe ho. 03:30, ny matrunde med Marlon. I desse stundene savnar eg å amme, berre slenge ut puppen og la det stå til. Eg må jo ut på kjøkkenet å lage til flaske, riktig nok har eg gjort verdens beste investering; melkemaskin- så flaska er laga på null komma svisj. Han sovna ganske kjapt igjen, men 04:30 bestemte han at det var morgon, så da var det berre å slenge på seg slåbroken og vandre inn i stova som ein zombie. Flaks at han er så søt, for eg smelta jo heilt. Dagen var da i gang og eg holdt det gåande heilt sidan. I tillegg har eg hatt to møter i dag, noke som ikkje er optimalt på slike trøtte dagar.

Marlon har lagt seg no. Billie skal snart i seng, og eg skal knekke meg ein vel fortjent øl før eg sjølv hoppar til køys. Eg burde sikkert lagt meg i takt med Billie i kveld, men så er det noke med denne voksentiden (hata det orden da eg var liten). Vi MÅ ha litt tid aleine, berre oss to- det er så viktig i denne tiden. Alltid viktig for så vidt, men litt ekstra viktig akkurat no.

Og med det loggar eg av. Hei igjen bloggen, forresten. Det var eit kvarter sidan sist. Det blir som det blir no for tiden. Marlon er sjefen pr dags dato. Og eg veit. Bildene henger ikkje sammen med denne teksten, men eg orka ikkje noken selfie i sofaen akkurat no, derfor blir det heller bilder fra ein solfylt dag der eg hadde masse energi;)

 

Annonse

Akkurat no ligger eg i senga. Marlon ligger i senga si ved sida av vår, han skal ha sin første kvil for dagen. Eg kryssar fingrane for at den skal vare ei stund, for eg har veldig lyst og behov for å lukke augene sjølv. Det blirikkje så mykje søvn på meg for tiden, som forventa så klart, men eg er ikkje så god på lite søvn.

Sjølv om det ikkje blir så alt for mykje soving på meg, så brukar riktig nok mykje tid i senga! I dag har eg laga meg frokost som eg har tatt med inn på soverommet. Frokost på senga er nemlig noke av det beste eg veit. Trenge ikkje vere så fancy, enkel frokostblanding, kaffi og appelsinjuice. Da er eg meir enn happy, gjerne akkompagnert av God Morgen Norge på tv og ein sovande baby. Liten luksusfølelse, sei. Det beste er sjølvsagt å bli overraska med frokost på senga.

Sengetøy, serveringsbrett og servise- alt du ser er fra Kremmerhuset. Eg har lenge ønska meg gullbestikk, og endelig har eg skaffa meg det. Serviset heiter Emilie og er i ein nydelig grønnfarge. Det er stentøy, som gjer det slitesterkt, tåler både mikro, vaskemaskin og ovn opptil 200 grader.

Og så elskar eg dei kystallinspirerte glassa som ein like gjerne kan bruke til kvardags.

Sengetøyet er i 100% økologisk bomull, og akkurat no får alle medlemmer av kundeklubben 50% på alle sengesett. God deal!

No skal eg skynde meg å sove litt før verdens beste guttebass våkna. Eg skal kose meg i nytt, deilig sengetøy.

 

 

Annonse

Når eg er heime hos mamma og pappa elskar eg å ta fram fotoalbuma fra da eg var liten. Det er så kjekt å sjå tilbake på oppveksten, gode ferieminner, sjå korleis vi alle såg ut som ein yngre utgave av oss sjølv. Eg blir aldri lei av det. Ein lever jo mykje på gode minner.

Det er ein liten jobb å sette seg ned å lage album, men når ein først er i gang er det utrulig moro og tilfredsstillande. Eg får ein slags indre ro og orden av å gjere det, og god samvittighet fordi eg veit at eg gjer noke som er hyggelig ikkje berre for meg, men for resten av familien.

Eg brukar å samle året i ei fotobok. Året som handlar om oss som familie med venner og kjente. Feriar, kvardag og store begivenheitar. I år har det vore fleire store ting; vetlebror som kom til verden, Billie som begynte i 1.klasse, ho mista mange tenner, vi var på flotte fjellturar og vi bygde hus. Så masse fint til tross for eit ellers litt trasig korona-år. Kvardagen går så fort forbi, derfor er det ekstra kjekt og viktig å få samla dette på ein plass.

Kvart einaste år sidan Billie blei fødd har eg laga fotobok til alle besteforeldre. Eg er rimelig sikker på at dette er ein av dei finaste gavene dei får på julekvelden. Ein fin måte for dei til å følge med på oppveksten til barnebarna og alt vi måtte drive med i ein travel kvardag.

Med rabattkoden TONEJUL40 får du no 40% rabatt på julegaver som fotobok, kalender og julekort hos fotoknudsen.no. Kampanjen varer fra 12.november- 25.november. 

Rabattkode: TONEJUL40

Her kan du lage gaver som treff rett i hjertet! Og ikkje minst er det ekstra fint i år å bestille julegavene på nett.

No sprekker eg snart av både stor mage og nysgjerrighet. Eg lurer så innmari på kem som er inni magen min. Korleis ser han ut, korleis er han? Eg gleder meg slik til å treffe han og holde han og snuse på han. Lille gutten min som eg på ein måte kjenner så godt, samtidig ikkje i det heile tatt.

Alt er klart her heime. Senga er nyoppredd med print av små koalabjørnar, stellebordet er fyllt med mini-bleier, klutar og halve apoteket. Vippestolen står klar i stova og pysjane ligger pent bretta i kommoden. Eg er litt hønemor, men det gir meg ein så stor glede å forberede dette, det gjer óg at eg skjønnar enda meir at dette faktisk snart skal skje. Her er eg nyfødd på Lærdal Sjukehus. I armane til mamma <3 

Are, Tale og meg. Eg er så glad for å ha søsken. No er eg lykkelig for å endelig kunne gi det til Billie.

Det er kun 17 månader mellom Tale og meg. Imponerande tett etter min meining. Mellom veslebror og Billie blir det 6,5 år. Det blir nok perfekt på sitt vis det óg. 

Mamma, Tale og meg. 

Dagane blir litt lange no. Sjølv om eg ikkje har uttalt når terminen er, så treng ein vel ikkje å vere rakettforskar for og skjønne at den er rett rundt svingen. Eg føler meg moden og poppeklar.

Billie er ganske så lik på Markus, kanskje vetlebror blir lik meg? Eg håpar han får litt av oss begge.

Kom snart no, vetle M.

Samtidig som at dagane går sakte og eg har bøttevis med tid, så får eg gjort fryktelig lite. Kroppen bevega seg som ei skilpadde, den begrensa meg virkelig for tiden. Ei eldre dame skreiv til meg på instagram her om dagen: “Ser ikke så jævlig ut, du har ikke så stor mage, du må slutte å være så pysat”.

Dette var respons på ein filmsnutt eg la ut på story da eg skulle sette meg inn i bilen, noke som er både er vanskelig og smertefullt i desse dagar. Eg kjente at eg blei så steikandes forbanna inni meg. Til vanlig ville eg berre oversett ein slik kommentar, men akkurat no, med følelsane på utsida og ein god del ubehag i kroppen, så kjente eg at det ikkje var plass til ein slik melding. Først og fremst lurer eg på ke det er som får ei eldre dame (tilsynelatande bestemor da ho har bilde av barn på profilen sin) til å slenge ut slike setningar til ei høggravid jente i starten av 30-åra. Og kem er ho til å avgjere korleis smerter eg måtte ha eller om eg er pysete?

Eg svarte ho, og så blokkerte eg  ho. Så opna eg opp igjen blokkeringen etter å ha fått summa meg litt. Eg bestemte meg for å ikkje vere ho barnslige.

Egentlig skriv eg dette som ein liten reminder til aller der ute, vær snille med kvarandre, på internett óg. Hugs at det er ekte mennesker med følelsar bak alle bildene som florerar der ute. Stygge kommentarar kan gjere større skade enn ein egentlig kan forestille seg. Be nice to people. Og med det sagt, eg leser alle kommentarar, og heldigvis er dei aller fleste superhyggelige og støttande. Det setter eg så stor pris på!

God helg.

Klem fra meg.

Så heldig eg er som har så mange fine folk rundt meg. I dag var det babyshower, og det må eg sei er ein ekstremt hyggelig greie. Babyshower er i mange folk sine auger ein litt overfladisk og “nymotens” greie, men veit du- som høggravid, sliten og litt lei- så er ein slik dag virkelig heilt fantastisk. Det er ein BOOST å få ei slik stund med gode venninner og familie, ein sånn dag kjente eg at eg trengte akkurat no!

Mamma kom heilt fra Sogndal. Det var så koselig. 

Søstrene sisters. Vi har kjent kvarandre alltid, vi. Tale, meg, Ida og Eva. 

Her er mødrene mine. Svigermor, bonus-svigermor og mamma. Dette er dei ein ikkje velger sjølv, men fy søren, eg har vore heldig der! 

Nina arrangerte dagen for meg. Snille, gode. Tusen takk!

Så no kan vetle M berre komme. No er alt klart! Skuffene er fulle av søte, små kle, vogna er i hus, bilsete er installert og sengetøyet er lagt på i senga som han har arva etter Billie. The waiting game is on. Alt for spennande. Eg har jo gjort dette ein gang før, men dette kan jo bli heilt anleis… Men det er gøy å ikkje vite, og sikkert veldig bra og ikkje vite.

Denne dagen har gitt meg ny energi, og eg er skikkelig lykkelig her eg ligger med urolige bein på sofaen akkurat no. Eg har egentlig lagt meg for fleire timar sidan, men fann ikke roen. No skal eg sjå på serie mens eg knaskar sjølvplukka pærer fra Sogndal (eller pappa har plukka da). Det er noke av det beste eg veit på høsten. Sånne harde, på kanten til umodne.

Takk for ein fantastisk dag, fine jentene mine.