SLUTT Å VÆRE SÅ PYSETE

Samtidig som at dagane går sakte og eg har bøttevis med tid, så får eg gjort fryktelig lite. Kroppen bevega seg som ei skilpadde, den begrensa meg virkelig for tiden. Ei eldre dame skreiv til meg på instagram her om dagen: “Ser ikke så jævlig ut, du har ikke så stor mage, du må slutte å være så pysat”.

Dette var respons på ein filmsnutt eg la ut på story da eg skulle sette meg inn i bilen, noke som er både er vanskelig og smertefullt i desse dagar. Eg kjente at eg blei så steikandes forbanna inni meg. Til vanlig ville eg berre oversett ein slik kommentar, men akkurat no, med følelsane på utsida og ein god del ubehag i kroppen, så kjente eg at det ikkje var plass til ein slik melding. Først og fremst lurer eg på ke det er som får ei eldre dame (tilsynelatande bestemor da ho har bilde av barn på profilen sin) til å slenge ut slike setningar til ei høggravid jente i starten av 30-åra. Og kem er ho til å avgjere korleis smerter eg måtte ha eller om eg er pysete?

Eg svarte ho, og så blokkerte eg  ho. Så opna eg opp igjen blokkeringen etter å ha fått summa meg litt. Eg bestemte meg for å ikkje vere ho barnslige.

Egentlig skriv eg dette som ein liten reminder til aller der ute, vær snille med kvarandre, på internett óg. Hugs at det er ekte mennesker med følelsar bak alle bildene som florerar der ute. Stygge kommentarar kan gjere større skade enn ein egentlig kan forestille seg. Be nice to people. Og med det sagt, eg leser alle kommentarar, og heldigvis er dei aller fleste superhyggelige og støttande. Det setter eg så stor pris på!

God helg.

Klem fra meg.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.