Så heldig eg er som har så mange fine folk rundt meg. I dag var det babyshower, og det må eg sei er ein ekstremt hyggelig greie. Babyshower er i mange folk sine auger ein litt overfladisk og “nymotens” greie, men veit du- som høggravid, sliten og litt lei- så er ein slik dag virkelig heilt fantastisk. Det er ein BOOST å få ei slik stund med gode venninner og familie, ein sånn dag kjente eg at eg trengte akkurat no!
Mamma kom heilt fra Sogndal. Det var så koselig.
Søstrene sisters. Vi har kjent kvarandre alltid, vi. Tale, meg, Ida og Eva.
Her er mødrene mine. Svigermor, bonus-svigermor og mamma. Dette er dei ein ikkje velger sjølv, men fy søren, eg har vore heldig der!
Nina arrangerte dagen for meg. Snille, gode. Tusen takk!
Så no kan vetle M berre komme. No er alt klart! Skuffene er fulle av søte, små kle, vogna er i hus, bilsete er installert og sengetøyet er lagt på i senga som han har arva etter Billie. The waiting game is on. Alt for spennande. Eg har jo gjort dette ein gang før, men dette kan jo bli heilt anleis… Men det er gøy å ikkje vite, og sikkert veldig bra og ikkje vite.
Denne dagen har gitt meg ny energi, og eg er skikkelig lykkelig her eg ligger med urolige bein på sofaen akkurat no. Eg har egentlig lagt meg for fleire timar sidan, men fann ikke roen. No skal eg sjå på serie mens eg knaskar sjølvplukka pærer fra Sogndal (eller pappa har plukka da). Det er noke av det beste eg veit på høsten. Sånne harde, på kanten til umodne.
Takk for ein fantastisk dag, fine jentene mine.