Annonse

Det er ikkje lenge til vi skal flytte inn i nytt hus. Etter så mange år med venting- endelig ser vi lyset i tunnelen. Det er rimelig deilig, kan eg fortelle. Eg veit at det er mange med oss som opplever motgang i ulike byggeprosjekt, og eg trur vi alle kan sei oss enige i at det er ganske slitsomt og demotiverande. Men så er det jo slik at det ordnar seg til slutt, etter mykje strev og arbeid. Eg ser på det litt som ein fødsel, så grusomt vondt, men smerten forsvinner i det barnet er ute. Litt sånn føles det med huset óg. Heldigvis. Eg gledar meg villt over at vi snart er i mål og at vi snart kan nyte lykkerus i nytt hus.

I mitt hovud er det derfor to ting som står i fokus om dagen: barn og interiør. Begge deler er spennande og gøy. Og litt vanskelig da. Så mange valg ein skal ta. Eg er ingen ekspert, men eg veit godt ke eg likar og ke eg ikkje likar. Sjølv om vi ikkje har flytte inn enda, så har eg begynt litt hamstring av diverse interiørartiklar. Det er jo no eg har tid og overskudd, før bebisen melder sin ankomst.

Eg var på Kremmerhuset på Sandvika Storsenter forrige veke og eg fann så masse fine høstnyheter. Alt du ser på bildene er derfra. Tørka blomster, golvteppe, puter, bord, stolar, puff og pyntegjenstandar. Enn så lenge har eg laga meg ein kosekrok i huset der vi bur no, men eg gledar meg til å flytte det over til det nye. Dette er så moro! Planen i huset er å blande nytt og gammalt. Det er alltid gøy å “sprite opp” heimen med ein ny detalj i ny og ne. Så mykje det kan gjere med eit rom, og ikkje minst med humøret. Slik er iallfall eg, at det er lite som skal til for at eg gledar meg litt ekstra i kvardagen.

Elskar desse fargane, spesielt no som høsten er her. Fargane passa faktisk veldig godt inn der vi bur no óg, eit gammalt hus fra 60-tallet. Det er sjarmerande på sitt vis, men eg gledar meg veldig litt å få min eigen heim som er akkurat slik eg vil ha det. Denne kroken blir iallfall med meg videre.

PSSST! Kremmerhuset har óg deilige duftlys, handsåper, te, godteri og anna snacks. Veldig gode og delikate greier… Og sjekk dei kule koppane. Eg kjøpte tre, ein til kvar av oss i familien. Kanskje eg må kjøpe ein til slik at lillebror får ein når han blir større.

Eg gleder meg til å vise dikka enda meir interiør framover!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.