Annonse

Akkurat no ligger eg i senga. Marlon ligger i senga si ved sida av vår, han skal ha sin første kvil for dagen. Eg kryssar fingrane for at den skal vare ei stund, for eg har veldig lyst og behov for å lukke augene sjølv. Det blirikkje så mykje søvn på meg for tiden, som forventa så klart, men eg er ikkje så god på lite søvn.

Sjølv om det ikkje blir så alt for mykje soving på meg, så brukar riktig nok mykje tid i senga! I dag har eg laga meg frokost som eg har tatt med inn på soverommet. Frokost på senga er nemlig noke av det beste eg veit. Trenge ikkje vere så fancy, enkel frokostblanding, kaffi og appelsinjuice. Da er eg meir enn happy, gjerne akkompagnert av God Morgen Norge på tv og ein sovande baby. Liten luksusfølelse, sei. Det beste er sjølvsagt å bli overraska med frokost på senga.

Sengetøy, serveringsbrett og servise- alt du ser er fra Kremmerhuset. Eg har lenge ønska meg gullbestikk, og endelig har eg skaffa meg det. Serviset heiter Emilie og er i ein nydelig grønnfarge. Det er stentøy, som gjer det slitesterkt, tåler både mikro, vaskemaskin og ovn opptil 200 grader.

Og så elskar eg dei kystallinspirerte glassa som ein like gjerne kan bruke til kvardags.

Sengetøyet er i 100% økologisk bomull, og akkurat no får alle medlemmer av kundeklubben 50% på alle sengesett. God deal!

No skal eg skynde meg å sove litt før verdens beste guttebass våkna. Eg skal kose meg i nytt, deilig sengetøy.

 

 

Annonse

Det er ikkje lenge til vi skal flytte inn i nytt hus. Etter så mange år med venting- endelig ser vi lyset i tunnelen. Det er rimelig deilig, kan eg fortelle. Eg veit at det er mange med oss som opplever motgang i ulike byggeprosjekt, og eg trur vi alle kan sei oss enige i at det er ganske slitsomt og demotiverande. Men så er det jo slik at det ordnar seg til slutt, etter mykje strev og arbeid. Eg ser på det litt som ein fødsel, så grusomt vondt, men smerten forsvinner i det barnet er ute. Litt sånn føles det med huset óg. Heldigvis. Eg gledar meg villt over at vi snart er i mål og at vi snart kan nyte lykkerus i nytt hus.

I mitt hovud er det derfor to ting som står i fokus om dagen: barn og interiør. Begge deler er spennande og gøy. Og litt vanskelig da. Så mange valg ein skal ta. Eg er ingen ekspert, men eg veit godt ke eg likar og ke eg ikkje likar. Sjølv om vi ikkje har flytte inn enda, så har eg begynt litt hamstring av diverse interiørartiklar. Det er jo no eg har tid og overskudd, før bebisen melder sin ankomst.

Eg var på Kremmerhuset på Sandvika Storsenter forrige veke og eg fann så masse fine høstnyheter. Alt du ser på bildene er derfra. Tørka blomster, golvteppe, puter, bord, stolar, puff og pyntegjenstandar. Enn så lenge har eg laga meg ein kosekrok i huset der vi bur no, men eg gledar meg til å flytte det over til det nye. Dette er så moro! Planen i huset er å blande nytt og gammalt. Det er alltid gøy å “sprite opp” heimen med ein ny detalj i ny og ne. Så mykje det kan gjere med eit rom, og ikkje minst med humøret. Slik er iallfall eg, at det er lite som skal til for at eg gledar meg litt ekstra i kvardagen.

Elskar desse fargane, spesielt no som høsten er her. Fargane passa faktisk veldig godt inn der vi bur no óg, eit gammalt hus fra 60-tallet. Det er sjarmerande på sitt vis, men eg gledar meg veldig litt å få min eigen heim som er akkurat slik eg vil ha det. Denne kroken blir iallfall med meg videre.

PSSST! Kremmerhuset har óg deilige duftlys, handsåper, te, godteri og anna snacks. Veldig gode og delikate greier… Og sjekk dei kule koppane. Eg kjøpte tre, ein til kvar av oss i familien. Kanskje eg må kjøpe ein til slik at lillebror får ein når han blir større.

Eg gleder meg til å vise dikka enda meir interiør framover!

Reklame

Noken har kanskje lagt merke til at det er mykje blomster rundt meg om dagen, og det er ikkje uten grunn. Eg er nemlig med på å starte eit aldri så lite blomsterfirma i desse dagar, Blome.no.

Kort fortalt er det ein abonnementstjeneste på blomster der du får bukett levert på døra 2 gonger i månaden (kvar andre torsdag). Du kan velge mellom to stilar/linjer, den eine har vi kalla for «Vill og Vakker», den andre «Fyldig og Flott». Sistnevnte er det eg som er med å designa, ein klassisk, stor bukett. Og eg lovar, ein blir ikkje skuffa over mengden blomster! 

Bukettane er basert på sesongens blomster, sjølvsagt av superduper kvalitet. Buketten på bildene er den forrige som blei levert ut til Blome sin abonnentar. Du kan lese meir om meg og Blome her.

Men berre så det er sagt, det er i studio eg brukar aller mest tid om dagen, så musikken er slettes ikkje nedprioritert. Ny musikk kjem til neste år, og eg gler meg heilt vilt til å vise det for dikka. Eg syns riktig nok det er ekstremt kjekt å ha fleire bein å stå på, mange ballar i lufta- ingenting gledar meg meir enn det. Musikk og blomster, killer kombo i mi bok 😉 

Eg har fått ekstremt mange spørsmål om blusen eg hadde på meg på God Morgen Norge i går. Den er fra Self-Portrait- eg elskar den!!

Bildene er tatt av superflinke Magnus Westerlund

Annonse

Eg vil alltid ha blomster på stovebordet. Eg blir glad av det! I tillegg får eg lyst til at alt anna rundt meg skal dere ryddig, reint og fint. Blomster for meg er med på å skape ein harmoni i heimen (ja, der høyrtes eg kanskje gammal ut).

Men fakta er at eg heilt sidan eg kjøpte min første leilighet som ganske ung har elska blomster. Blomster er ein form for luksus i kvardagen, men eg meinar oppriktig at det gjer noke utelukkande positivt med sinnet. Eg blir rett og slett glad av dei!

Eg har vokst opp med masse planter og blomster. Pappa er gartnar, og heilt sidan eg var kanskje 6 år har eg hatt sommerjobb i planteskulen i lag med alle søskenbarna mine. Kjempegode minner! Sjølv om eg på det tidspunktet ikkje var spesielt opptatt av blomster i seg sjølv (naturlig nok kanskje), så har eg vokst opp med det og det har gjort noke med meg.

Også er det Markus da. Min fantastiske kjæreste. Kem skulle tru at eg skulle møte ein blomstergutt? Noke så fint. Eg var 17 år da eg blei kjent med han. På den tiden jobba han i blomsterbransjen, og var der i over 10 år med pappaen og broren. Eg var støtt på Øker´n å handla blomster- litt fordi det var billigare, mest for å sei hei til han 😉 Markus kan selvfølgelig masse om blomster, og her i familien er det han som er blomsteksperten. Det er han som automatisk har ansvar for snitte blomstrane og anna stell, men eg elskar det eg óg!

BTW: på instagramkanalen til Blome.no ligger det tips og triks som er greit å kunne når ein har blomster i hus. Ting iallfall ikkje eg visste fra før. Kanalen vil oppdatarast med mykje slikt framover. 

Eg hadde nok ikkje tenkt eller sett for meg at eg skulle sitte her å skrive om blomster, men her er eg altså. Eg har den siste tiden blitt kjent med Blome.no som er ein abonnementstjeneste på blomster. Konsepter er rett og slett at du får levert ein vakker bukett på døra to gonger i månaden. Kor fantastisk fint er ikkje det?!

Det handlar selvfølgelig om den hektiske kvardagen og om å gjere det lettare for folk. Men ikkje minst at det er ein herleg overraskelse kvar fjortende dag da du ikkje anar korleis bukett som blir levert. Det einaste som er sikkert er at den er knakandes fin, sesongbasert og av beste kvalitet. 

Forrige veke var eg med Blome.no til Holland. Der var eg med på blomsterbørsen, verdens blomstermekka! Ein fantastisk opplevelse som eg seint kjem til å gløyme. Her besøkte vi dei som levera blomstrane til Blome. Vi besøkte óg ein Hortensia-gård, min favorittblomst. Det bugna over av svære, nydelige blomster!

Sist, men ikkje minst møtte vi ho som designa bukettane for Blome.no. Her skulle eg få vere med å bestemme ei linje nummer to som snart skal lanserast og ut abonnentane. Så fra no av har di to fantastisk fine alternativ å velge mellom! Ein bukett som er “vill og vakker” med mange forskjellige blomster i, og ein som er litt “roligare” med færre typar blomster, men fyldig og flott! Sistnevnte er min favoritt- og den eg har vore med å bestemme. Eg har blant anna valgt ut fargekombinasjonar og type blomster i dei kommande bukettane.

Kanskje er dette ein gave du har lyst til å gi deg sjølv? Kanskje kjæresten din fortjener det? Eller foreldrene dine? Eg syns iallfall dette er ein glede i kvardagen.

Sjekk ut BLOME.NO 🙂

Også må eg sei til slutt at navnet BLOME kunne ikkje passa meg bedre.

I mange månader no har eg nesten gløymt at hytta på fjellet finns. På sommaren er det så mykje anna som står i fokus, men no er tiden endelig inne for å reise på fjellet igjen. Vi bygde hytta for to år sidan, og det er ein av dei beste plassane eg kan tenke meg å vere. Ingen anna plass får eg ein slik ro!

Eg fekk spørmsål om eg kunne vise litt bilder fra hytta vår, så here we go!

Vi var så heldige å få godkjent og bygge kjellar på hytta vår. Da valgte vi å lage eit stort bad med badekar og dobbel dusj. Her føler eg nesten at eg er på spa! Elskar å tappe i badekaret, tenne stearinlys og høyre på musikk. Terapi…

Ein liten avslapningskrok viss ein vil trekke seg litt unna resten av folka på hytta. Det kan jo innimellom vere ok, sidan vi titt og ofte har fullt opp hytta med ein skokk med barn.

Sofakroken er så deilig. På morgonane sitter kidsa her med frokost og barne-tv. På kvelden deiga vi voksne oss her med seriar.

Kjøkkenet er ein av dei beste plassane å vere. Eg er veldig fan av 90cm komfyr som gjer at ein kan boltre seg litt ekstra med stor plass! Øya i midten har to vinskap. Det er gjerne der vi står når vi tilbereda maten, slik at ein kan prate med dei som sit rundt bordet- altså dei som slapp å lage mat…

Rundt dette spisebordet er den plassen vi brukar aller mest tid. Eg diggar runde bord, noke som gjer at ein får god kontakt med samtlige som sitter rundt. Her spelar vi kort og pratar utover lange kveldar.

Eit av to master-soverom. Her har vi lagt teppegolv, noke som er sjukt deilig å stå opp til på kalde vintermorgonar. Vi har valgt å ha tapet på den eine veggen i rommet, noke eg syns sprita opp heile rommet. Store, kule lampeskjermar og kraftige lifts gjer óg susen. Det er ingen plass eg søve så godt som akkurat her…

Hytta utvendig. Her er det fortsatt litt som gjenstår, men det får skje litt på sikt, når vi får tid. Det ein ikkje ser her er terrassen som er på over 100km2. Pappa meinte den ville bli ALT for stor, men med tre ulike sittegrupper der på våren og sommaren er den heilt perfekt. Vi har óg lagt opp til jacuzzi, men det óg får bli ein gang i framtiden. Slik blir det gjerne når ein bur langt unna.

Foto: Espen Solli- Se&Hør / Styling: Tone Kroken 

Annonse

I skrivande stund sit eg på hytta, og det er så himla vakkert her! Masse snø og knallblå himmel. Denne plassen er noke av det beste eg kan tenke meg. Eg kosar meg grenselaust.

Hytta vår blei ferdig i fjor, men slike prosjekt blir jo aldri heilt ferdige, føles det som. Det er alltid ting som gjenstår, og ein av tinga for vår del er uteplassen. Den begynna så smått å ta form den óg, sjølv om det enda er ein del som gjenstår. Det vi har fått på plass er utemøblar- og det er skikkelig koselig. Akkurat no er det haugevis med snø her oppe, men om noken veker blir det igjen tid for å nyte gode timar på terrassen. Eg har valgt samme utemøblar på hytta som heime, fra SixBondStreet.no.

Rottingmøblar finns det mange variantar av, men akkurat desse syns eg er hakket finare enn dei aller fleste eg har sett. Bordet er av betong som ser ut som tre, og det er gode spisestolar med armlener og ei supefin sittegruppe med grå puter (eg skal jazze det opp med enda fleire puter til våren). Terrassen vår på hytta er over 100km2, pappa meinte den var ALT for stor, men med tre sitteavdelingane blei den faktisk ikkje for stor… Trur pappa er litt meir enig no (fedre likar å ha meiningar).

No slepp vi å sitte på golvet å ete mat, hurra! 😀

Teksten fortsetter under bildene

Desse bildene er tatt i høst før snøen kom. Eg gledar meg slik til å sette ut møblane igjen!

Eg køyrer konkurranse på Instagram i dag der du kan vinne Mountauk Lounge 3-ster med bord til, akkurat den eg har her på hytta.