Dette er nok den siste turen på ei lang stund. Markus og meg er på kjærestetur til Hemsedal i helga, berre oss to. Sjeldent, etterlengta og viktig. Eg måtte forklare det til Billie der ho sto der med tårer i augene, at det er viktig for vokse å få lov til å vere skikkelig kjærestar av og til. Uten barn. Eg veit ikkje om ho var heilt enig, men samtidig skjønte ho at ho er heldig som har ein mamma og pappa som er veldig glad i kvarandre. Det er da ikkje ein selvfølge det heller i våre dagar, sei.

Planen vår for helga er ingen plan. Vi har vore ein tur på butikken å kjøpt litt snacks, utenom det skal vi holde oss her på hotellet. Vi skal bade, kose oss og slappe av. Samtlige andre på hotellet går rundt sporty antrukket og har sikkert bestege den eine fjelltoppen etter den andre. Eg blir dausliten av å gå opp trappa fra resepsjonen, så det får duge i denne omgang. Eg er høggravid og fryktelig tung i lortfallet om dagen.

Såpass med ro har vi tenkt å ta det at vi vurderar pizza på senga i kveld. Med Skal Vi Danse og Stjernekamp på skjermen. Det kjem til å bli mange helger i sofaen framover, så ein kan like gjerne bli hekta først som sist. Eg elskar riktig nok slike program. Skal Vi Danse bringer fram veldig gode minner- fra 2006- OMG så lenge sidan. Ung og vågal… Hadde glatt gjort det igjen.

Slåbrokken er på og vi skal straks snegle oss ned til bassenget. Det er så nydelig her. Og den fjellufta. Sinnsjukt deilig for kropp og sjel!

God helg alle sammen 🙂

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.