I skrivande stund sitter eg på flyet til Sogndal. Aleine, uten familien min, enn så lenge. 

Det er nye tider, eg kan ikkje ta Billie ut av skulen slik det måtte passe meg. Vi har alltid kunna ta ei langhelg her og veke der, men no er er andre bullur. No må det sendast inn søknad viss ho skal ha fri. Markus og Billie kjem opp om noken dagar da, vi skal nemlig jobbe i Sogndal på torsdag og fredag. Skal fortelle meir om det seinare. 

Eg har valgt å reise i forvegen fordi eg kjenner at eg treng litt tid for meg sjølv, trenger å slappe av. Eg kjemme sikkert til å kjede meg ganske fort, men eg gledar meg faktisk litt til det óg. Ligge i sofaen, sjå på serie (oppslukt i «Normal People» på NRK), legge meg tidlig, sove lenge. Rett og slett puste ut og kvile. Eg er jo strengt tatt høggravid at the moment. Slettes ingen spøk det. Har ei stund igjen altså, for dei som måtte lure. Hadde nok ikkje flydd propellfly viss det var så nære.

Eg er litt redd for å fly, eg. Har blitt det. Etter at Billie kom til verden. Og eg kan sei at det ikkje har blitt bedre med ein til på veg. Jækla drit det greiene der. Eg kan fortelle meg sjølv utallige gonger at det ikkje er farlig, det går bra, at det er så mange andre ting som er langt farligare. Likevel blir eg engstelig. Eg skjønnar jo at flyet ikkje kjem til å dette ned…

Tenk, dette er samme jenta som har hoppa 6 gonger i fallskjerm, paragliding og aldri fekk nok av fart og spenning. Det gjer noke med ein å bli mamma. Sikkert pappa óg. Heldigvis så hindrar det meg ikkje å gjere ting. Det skal aldri få stoppe meg i å reise. Det er isåfall andre grunnar til at eg skal slutte å fly.

Snart kan eg sette meg trygt inn i bilen til mamma og pappa. Stikke innom matbutikken å kjøpe noke digg, og så sjå fram til ein nydelig kveld på hytta. Det er ingen plass eg søve så godt som der. Deilig, frisk luft og verdens beste seng og dyner. Det skal bli så godt. 

Det er lørdag, det er ruskete vær ute og eg har nettopp ete to polarbrød med bringebærsyltetøy og brunost til frokost. Ein av mine absolutt favorittar for tiden. Samtidig som eg sitter her ved dataen går vaskemaskina med bittesmå beibi-kle som skal bli lillebror sine. Eg har spart på alt fra da Billie var bebis, men det var mykje rosa det gjekk i der, så desverre er det ikkje så mykje som passar til han. Heldigvis kan han arve litt av søskenbarna sine, så det blir ein god blanding av gammalt og nytt. Det syns eg er heilt strålande! Eg klarar ikkje å holde meg heilt unna småbarnsavdelingane rundt om, eg blir så gira og får lyst til å handle litt. Kanskje litt meir enn litt. Hehe… Og no som eg er ein del våken på natta er det veldig lett å plutselig ramle innom ein nettbutikk eller to.

Det er uansett fryktelig stas å fikse og ordne. No er den vetle sprinkelsenga skrudd opp. Den har stått i garasjen i mange år, så det er fryktelig stas å endelig skulle bruke den igjen. Det vi skal gå til innkjøp av veldig snart er nytt bilsete, vogn og ein fin stellebag. Eg trur vi har bestemt oss for korleis vogn vi skal ha, men kom gjerne med innspel.

Når eg driv på ordna her heime gledar eg meg automatisk enda meir til han kjem.  Eg er så nysgjerrig på kem han er, korleis han ser ut, korleis personlighet han har. Blir han blond slik som Markus var da han var liten? Får han min “Damli-nase” slik som Billie har fått? Blir han utadvendt eller sjenert? Er han frisk? Det siste er sjølvsagt det største og viktigaste spørsmålet. Heldigvis har alt sett fint ut på ultralyd, han sparkar og er ekstremt aktiv kvar dag. Det er det finaste tegnet. Eg blir aldri lei det, uansett kor mykje det måtte forstyrre nattesøvnen min. Eg kan sove når eg blir gammal.

Lillebror. Eller vetlebror som eg egentlig seier. Herregud så ønska du er!!

  • Ete spekemat. Eg skal frotse i fenalår og deilige italienske skinker. Det er det beste eg veit og har vore hardt å holde seg unna.
  • Mjuke ostar. Burgar med blåskimmer osv. Savn!
  • Vin. Har ikkje savna det sånn veldig da kroppen slettes ikkje har crava det under graviditeten, men skitt så godt det skal bli. Gjerne i kombo med dei to andre tinga over. Omg. Ein tung, gul ein. Med hensyn til amming- slapp av!
  • Springe fort. Eg likar å trene, og er spesielt glad i intervallar. Syns akkurat det er utfordrande med å vere gravid, at kroppen begrensar meg på områder. Heilt naturlig såklart, men eg gledar meg til å få tilbake superkreftene mine!!
  • Jeans med høgt liv. Ååå, ja!! Det savna eg veldig. Eg er jo ei jeans-jente, og d er ikkje berre lett som gravid. Eg har hatt ei bukse heile graviditeten, og sjølv om eg ikkje kjemme til å passe inn i dei gamle med det første, så gleda eg meg til sjå att midja mi att.
  • Sove på magen. Hallelujah. Ein burde vel ikkje gjer det i utgangspunktet, men kjære vene. Det er jo det beste. Da søve mor sjølv som eit lite barn. Går heller eit par timar ekstra til kiropraktor med skada nakke. #livetpåmagen
  • Følelsen av ein vel gjennomført graviditet. For det er lenge. Og det er heftig og tungt. Og litt kjedelig. High five. Fy søren, vi damer er ganske så rå!

Da eg gjekk gravid med Billie var eg omringa av venninner som óg var gravide. Eg hadde ei venninne i Bergen som eg teksta med, ei i Sogndal, også var vi “Tjukkebollegjengen” som alle var her i  området. Det var så godt å ha dei. Vi teksta døgnet rundt, for etterkvart var vi jo våkne til alle døgnets tider. Vi kunne klage og syte til kvarandre, dele oppturar og nedturar, snakke om melkespreng og hovne bein. Ting som andre folk slettes ikkje brydde seg om. Det var skikkelig fint å ha dei.

Denne gangen har eg ikkje “Tjukkebollene”. Denne gangen er det berre meg. Uansett korleis ein vrir og vender på det, så vil Markus aldri klare å sette seg inn i min situasjon. Han tek imot klagingen min, han masserar dei hovne beina mine og kjenner entusiastisk på sparka fra lillebror. Men han kan aldri heilt forstå, han er mann og det er klin umulig.

Derfor vil eg sei til dikka fine lesarar, at denne gangen føler eg at eg har fått mange nye “venninner” på instagram. Det er skikkelig fint å dele med dikka, og eg får hundrevis av tilbakemeldingar i innboksen min av damer som opplever eller har opplevd det samme som eg går gjennom akkurat no. Takka vere dikka så føler eg meg ikkje så aleine om å vere gravid. Det er litt fint å vite at det er andre som eter is og godteri kvar dag, at det ikkje berre er eg som må opp på do x antall gonger på natta og at andre óg pustar og pesar seg gjennom dagen. Sjølv om eg ikkje kjenner dikka, så setter eg veldig pris på kvar og ein. Egentlig alltid, men spesielt no!

 

Endelig! Som eg har gleda meg til å blogge igjen. For ei stund sidan fann eg ut at eg savna å ha min eigen plattform som kun er avhengig av meg sjølv og mitt eige innhold. Derfor har sommaren gått med til å utvikle denne splitter nye bloggen, og det føles skikkelig bra. Her på bloggen får eg enda meir plass til å dele ting med dikka, meir enn kun eit bilde og ein liten tekst som på Instagram. Komboen blogg og Instagram er veldig fin, og eg trivs veldig godt ved tastaturet.

Eg gleder meg iallfall veldig til å dele masse med dikka framover. Til høsten skal eg føde og garantert vere mykje heime med bebisen min. Da får eg forhåpentligvis god tid til å oppdatere bloggen (håpa ikkje han suge all energi ut av meg). Kryssa fingrane for ei fin barseltid.

Eg har lyst å dele alt i fra musikk, mammarollen, hus og heim, skjønnhet og mote, trening og mat osv. Og eg teke gjerne imot tips om ting di lurer på eller vil lese om.

Velkommen tilbake til bloggen min!

 

Eit år eldre og minst like lykkelig! Eg er altså ein av dei som har hatt bursdag i koronatiden, og feiringen blei deretter. Men dette visste eg jo om, og hadde det veldig greit med det. Det hadde uansett blitt rolig, for bursdagen var på ein søndag, ein helligdag i påsken og vi skulle egentlig vore på hytta. Ergo, ingen stor fest.

Feiringen blei uansett superfin, og eg fryda meg gjennom heile dagen. Det er kanskje rart, men til tross for at eg (visst nok) er voksen, så er eg så sinnsjukt gira og glad i bursdag. Eg har sommarfuglar i magen fleire dagar i forvegen, og når dagen endelig er der går eg spent og full av forventningar. Ikkje det at det absolutt skal skje så jækla mykje eller at eg har høge krav, eg er berre på høggir, rett og slett.

Og dei rundt meg veit jammen å ta vare på meg da. Eg blei vekt til frokost på senga, ballongar, konfetti, sang og gaver. Alt eg kunne drømme om og ønske meg. Og på bursdagar har ein lov til å ete godteri til frokost. Eg stappa i meg sure føtter etter notar og elska kvart eit tygg.

Ei lykkelig bursdagsjente som syns det er litt kjipt at det er eit år til nesten gang. Hehe. Bursdag er så gøy, og det er faktisk berre fint å bli eldre og litt klokare for kvar dag som går.