I skrivande stund sitter eg på flyet til Sogndal. Aleine, uten familien min, enn så lenge.
Det er nye tider, eg kan ikkje ta Billie ut av skulen slik det måtte passe meg. Vi har alltid kunna ta ei langhelg her og veke der, men no er er andre bullur. No må det sendast inn søknad viss ho skal ha fri. Markus og Billie kjem opp om noken dagar da, vi skal nemlig jobbe i Sogndal på torsdag og fredag. Skal fortelle meir om det seinare.
Eg har valgt å reise i forvegen fordi eg kjenner at eg treng litt tid for meg sjølv, trenger å slappe av. Eg kjemme sikkert til å kjede meg ganske fort, men eg gledar meg faktisk litt til det óg. Ligge i sofaen, sjå på serie (oppslukt i «Normal People» på NRK), legge meg tidlig, sove lenge. Rett og slett puste ut og kvile. Eg er jo strengt tatt høggravid at the moment. Slettes ingen spøk det. Har ei stund igjen altså, for dei som måtte lure. Hadde nok ikkje flydd propellfly viss det var så nære.
Eg er litt redd for å fly, eg. Har blitt det. Etter at Billie kom til verden. Og eg kan sei at det ikkje har blitt bedre med ein til på veg. Jækla drit det greiene der. Eg kan fortelle meg sjølv utallige gonger at det ikkje er farlig, det går bra, at det er så mange andre ting som er langt farligare. Likevel blir eg engstelig. Eg skjønnar jo at flyet ikkje kjem til å dette ned…
Tenk, dette er samme jenta som har hoppa 6 gonger i fallskjerm, paragliding og aldri fekk nok av fart og spenning. Det gjer noke med ein å bli mamma. Sikkert pappa óg. Heldigvis så hindrar det meg ikkje å gjere ting. Det skal aldri få stoppe meg i å reise. Det er isåfall andre grunnar til at eg skal slutte å fly.
Snart kan eg sette meg trygt inn i bilen til mamma og pappa. Stikke innom matbutikken å kjøpe noke digg, og så sjå fram til ein nydelig kveld på hytta. Det er ingen plass eg søve så godt som der. Deilig, frisk luft og verdens beste seng og dyner. Det skal bli så godt.