Å våkne opp på hytta, mutters aleine, ikkje ein einaste lyd- det er både rart og ganske fint. Eg savna Markus og Billie allerede, eg kjenner at vi har det aller best når vi er samla. Eg trur samtidig at vi har godt av det. Kanskje spesielt Billie. Vi har vore ilag døgnet rundt heile sommaren, så no er det kanskje dags for å klippe navlestrengen igjen.
Eg har ete frokost på senga; havregryn med melk og syltetøy, drukke iskaffe og appelsinjuice. Eg har dataen på fanget, har fått gjort unna litt mail, scrolla gjennom nyhetene, rett og slett berre kosar meg med skikkelig kvilepuls. Dette går enn så lenge heilt etter planen.
Eg har ingen anna plan for dagen enn å ordne litt til på hytta, for i morgon kjem det 10 gjester her. Desse 10 er ein del av jobben som skal skje på torsdag. Det er så hyggelig at heile gjengen kjem heilt fra Oslo, tenk at eg får vise fram verdens beste plass til dei! I tillegg ser det ut som at været blir bra, og det er jo ekstra hyggelig.
Etterkvart skal eg tusle ned på badet, ta meg ein lang dusj, sette på litt musikk og deretter sjå eit eller anna på tv. Eg blei ferdig med “Normal People” på NRK i går. Den var så fin. Sånn skikkelig. Tårene rann hos meg, men det kan vere eine og aleine fordi eg er gravid, I don’t know. Bra var den uansett. Markus og meg er snart i mål med “Et sted å høre til”, så egentlig treng både vi to og eg aleine ein ny serie. Noken tips?
Håpa alle der ute er godt i gang med veka, og at kvardagen behandla dikka fint. Sender masse LOVE fra Sogndal.
FOTO: Magnus Westerlund