FIKSAR OG ORDNAR TIL VETLEBROR KJEM

Det er lørdag, det er ruskete vær ute og eg har nettopp ete to polarbrød med bringebærsyltetøy og brunost til frokost. Ein av mine absolutt favorittar for tiden. Samtidig som eg sitter her ved dataen går vaskemaskina med bittesmå beibi-kle som skal bli lillebror sine. Eg har spart på alt fra da Billie var bebis, men det var mykje rosa det gjekk i der, så desverre er det ikkje så mykje som passar til han. Heldigvis kan han arve litt av søskenbarna sine, så det blir ein god blanding av gammalt og nytt. Det syns eg er heilt strålande! Eg klarar ikkje å holde meg heilt unna småbarnsavdelingane rundt om, eg blir så gira og får lyst til å handle litt. Kanskje litt meir enn litt. Hehe… Og no som eg er ein del våken på natta er det veldig lett å plutselig ramle innom ein nettbutikk eller to.

Det er uansett fryktelig stas å fikse og ordne. No er den vetle sprinkelsenga skrudd opp. Den har stått i garasjen i mange år, så det er fryktelig stas å endelig skulle bruke den igjen. Det vi skal gå til innkjøp av veldig snart er nytt bilsete, vogn og ein fin stellebag. Eg trur vi har bestemt oss for korleis vogn vi skal ha, men kom gjerne med innspel.

Når eg driv på ordna her heime gledar eg meg automatisk enda meir til han kjem.  Eg er så nysgjerrig på kem han er, korleis han ser ut, korleis personlighet han har. Blir han blond slik som Markus var da han var liten? Får han min “Damli-nase” slik som Billie har fått? Blir han utadvendt eller sjenert? Er han frisk? Det siste er sjølvsagt det største og viktigaste spørsmålet. Heldigvis har alt sett fint ut på ultralyd, han sparkar og er ekstremt aktiv kvar dag. Det er det finaste tegnet. Eg blir aldri lei det, uansett kor mykje det måtte forstyrre nattesøvnen min. Eg kan sove når eg blir gammal.

Lillebror. Eller vetlebror som eg egentlig seier. Herregud så ønska du er!!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.