GRAVIDE VENNINNER PÅ INSTAGRAM

Da eg gjekk gravid med Billie var eg omringa av venninner som óg var gravide. Eg hadde ei venninne i Bergen som eg teksta med, ei i Sogndal, også var vi “Tjukkebollegjengen” som alle var her i  området. Det var så godt å ha dei. Vi teksta døgnet rundt, for etterkvart var vi jo våkne til alle døgnets tider. Vi kunne klage og syte til kvarandre, dele oppturar og nedturar, snakke om melkespreng og hovne bein. Ting som andre folk slettes ikkje brydde seg om. Det var skikkelig fint å ha dei.

Denne gangen har eg ikkje “Tjukkebollene”. Denne gangen er det berre meg. Uansett korleis ein vrir og vender på det, så vil Markus aldri klare å sette seg inn i min situasjon. Han tek imot klagingen min, han masserar dei hovne beina mine og kjenner entusiastisk på sparka fra lillebror. Men han kan aldri heilt forstå, han er mann og det er klin umulig.

Derfor vil eg sei til dikka fine lesarar, at denne gangen føler eg at eg har fått mange nye “venninner” på instagram. Det er skikkelig fint å dele med dikka, og eg får hundrevis av tilbakemeldingar i innboksen min av damer som opplever eller har opplevd det samme som eg går gjennom akkurat no. Takka vere dikka så føler eg meg ikkje så aleine om å vere gravid. Det er litt fint å vite at det er andre som eter is og godteri kvar dag, at det ikkje berre er eg som må opp på do x antall gonger på natta og at andre óg pustar og pesar seg gjennom dagen. Sjølv om eg ikkje kjenner dikka, så setter eg veldig pris på kvar og ein. Egentlig alltid, men spesielt no!

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.