DETTE GLEDAR EG MEG TIL ETTER FØDSEL

  • Ete spekemat. Eg skal frotse i fenalår og deilige italienske skinker. Det er det beste eg veit og har vore hardt å holde seg unna.
  • Mjuke ostar. Burgar med blåskimmer osv. Savn!
  • Vin. Har ikkje savna det sånn veldig da kroppen slettes ikkje har crava det under graviditeten, men skitt så godt det skal bli. Gjerne i kombo med dei to andre tinga over. Omg. Ein tung, gul ein. Med hensyn til amming- slapp av!
  • Springe fort. Eg likar å trene, og er spesielt glad i intervallar. Syns akkurat det er utfordrande med å vere gravid, at kroppen begrensar meg på områder. Heilt naturlig såklart, men eg gledar meg til å få tilbake superkreftene mine!!
  • Jeans med høgt liv. Ååå, ja!! Det savna eg veldig. Eg er jo ei jeans-jente, og d er ikkje berre lett som gravid. Eg har hatt ei bukse heile graviditeten, og sjølv om eg ikkje kjemme til å passe inn i dei gamle med det første, så gleda eg meg til sjå att midja mi att.
  • Sove på magen. Hallelujah. Ein burde vel ikkje gjer det i utgangspunktet, men kjære vene. Det er jo det beste. Da søve mor sjølv som eit lite barn. Går heller eit par timar ekstra til kiropraktor med skada nakke. #livetpåmagen
  • Følelsen av ein vel gjennomført graviditet. For det er lenge. Og det er heftig og tungt. Og litt kjedelig. High five. Fy søren, vi damer er ganske så rå!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.