Kan ein stoppe tiden litt?

Dagane føles så korte no, det blir lyst seint og mørkt tidlig. På ein måte er det koselig, men samtidig klara eg ikkje å unngå å bli trøtt av det. Eg tippar at eg ikkje er den einaste. Men det er ei hyggelig tid i vente, det er jammen ikkje lenge til jul. Eg har for lengst begynt å øve på julelåtar. Skal ikkje ha veldig mange julekonsertar, men noken blir det 🙂 Det er alltid like koselig å dra fram juleplata mi, gode følelsar, gode minner. Ikkje minst har eg ei lita her heime som nesten ikkje klarar å vente på jula.

Eg har hendene fulle i desse dagar. Det er mykje som er i forberedelsesfasen, ting eg gledar meg heilt sjukt til å fortelle dikka om. Hemmeligheiter, det er kjedelig å ikkje kunne rope ting ut her og no!

I dag har eg Billie heime fra barnehagen, det er sjeldent at eg har muligheten til det i ein travel kvardag. Det er så koselig. Eg merka at ho syns det er stas óg, bryte opp kvardagen litt, berre vere meg og ho uten noken spesiell agenda. Ho er dessuten ganske sjølvgåande no. Ho ordnar og styrar, driv med sitt. Det er nesten skremmande kor stor ho har blitt, vetle jenta mi. Kan ein stoppe tiden litt?! Vil så gjerne at ho skal vere liten litt til. Men eg elskar selvfølgelig utviklingen, å sjå ho vokse seg til å bli ei fornuftig, fin og sjølvstendig jente. Enn så lenge går det iallfall i riktig retning 😉

No skal eg lage litt lunsj til oss før vi skal gå oss ein liten tur ut. Ønsker alle ein nydelig torsdag- og snart er det helg! Igjen… 

1 thought on “Kan ein stoppe tiden litt?”

  1. Hei Tone!😊 Inspirerende blogg! Blir i godt humør av å følge deg😘 Synes du har en helt eksepsjonell flott glød i huden. Hvordan klarer du å holde huden så fin?😍

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.