Så var det Halloween igjen, og både store og små gledar seg. Først ut i år var det for oss voksne, ein aldri så liten “beskjeden” fest i regi av Stordalen-familien. Generasjonsfest. Og H E R R E G U D som dei drar på. Dei veit å lage fest, for å sei det slik! Når første artist på scena er Dagny, så har det satt standaren for kvelden. Så morro, og så mang fantastiske kostymar.
Og apropos antrekk og sminke. Markus og meg var litt usikre på kor vi skulle ta det i år, men med god hjelp fra venninna mi Tale som flaug inn fra Vestnes for anledningen, så gjekk vi for ein variant av Mexican skull. Ho begynte på min sminke kl 11 i går, og brukte 4 timar på meg. Markus 2 timar. Det er ikkje gjort i ein håndvending, for å sei det slik. AG var assistent denne gangen!
Antrekka leigde vi på kostymelageret på Jar. Det er alltid fantastisk å komme dit. Damene som jobbar der er heilt rå, og dei har full kontroll på kvar krik og krok! Hårbøylen min er laga av Tale.
Det einaste som var litt vrient var at eg sleit med å ete og ikkje minst smile. Kan sei såpass at det å da vere på vorspiel med Herman Flesvig, Christian Skolmen, Isabel Ødegård og Janne Formoe var ganske utfordrande da eg holdt på å bryte ut i latter kvart minutt. Satt å humra med munnen lukka. Haha!
Det var ganske deilig å få av seg alt etter ein lang kveld, 10 gangaren av å ta av seg bunaden på 17.mai. Med eit tonn gele i håret (under parykken) og bøttevis med lim så var den dusjen rimelig digg! Har riktig nok fortsatt limrestar på kroppen, og badegolvet er fullt av glitter, diamantar og hårspenner. I got a job to do! Får finne fram vaskebøtta. Etterpå… Orka ikkje enda!
No er festhelga over, og eg gledar meg til å få vetlegull heim igjen. Ho har vore på “ferie” hos farmor. Kjenner at eg savnar ho veldig, og klara nesten ikkje vente med å kose med ho. Borte bra, men heime med familien aller, aller best!
God søndag, fine folk! 🙂