Eit år eldre og minst like lykkelig! Eg er altså ein av dei som har hatt bursdag i koronatiden, og feiringen blei deretter. Men dette visste eg jo om, og hadde det veldig greit med det. Det hadde uansett blitt rolig, for bursdagen var på ein søndag, ein helligdag i påsken og vi skulle egentlig vore på hytta. Ergo, ingen stor fest.

Feiringen blei uansett superfin, og eg fryda meg gjennom heile dagen. Det er kanskje rart, men til tross for at eg (visst nok) er voksen, så er eg så sinnsjukt gira og glad i bursdag. Eg har sommarfuglar i magen fleire dagar i forvegen, og når dagen endelig er der går eg spent og full av forventningar. Ikkje det at det absolutt skal skje så jækla mykje eller at eg har høge krav, eg er berre på høggir, rett og slett.

Og dei rundt meg veit jammen å ta vare på meg da. Eg blei vekt til frokost på senga, ballongar, konfetti, sang og gaver. Alt eg kunne drømme om og ønske meg. Og på bursdagar har ein lov til å ete godteri til frokost. Eg stappa i meg sure føtter etter notar og elska kvart eit tygg.

Ei lykkelig bursdagsjente som syns det er litt kjipt at det er eit år til nesten gang. Hehe. Bursdag er så gøy, og det er faktisk berre fint å bli eldre og litt klokare for kvar dag som går.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.