- Pappa kalte og kallar meg fortsatt meg for “vetlao” (minsten), mens mamma kalte meg for “Bolla” da eg var liten.
- Som liten drømte eg om å bli reiseledar, aller helst bamsemamma i bamseklubb. Eg hadde mitt eige reisebyrå heime, og eg kunne alle destinasjonar og hotell utenatt. Bahia Feliz var drømmeplassen, men vi reiste aldri dit. Mamma og pappa var glad i Hellas.
- Eg spelte tverrfløyte i korps i 7-8 år- og eg hata det. Pappa lova meg ei bukse i året, pluss at korpsturane alltid var gøy. God var eg heller ikkje, men da eg begynte på musikklinja på videregåande var eg plutselig glad for min erfaring da eg låg eit skritt framfor mange andre, fordi eg kunne notar.
- Min favorittdrikk er Peroni, iskald slik at flaska er frosta. Eg likar å legge ølen i frysaren i 10 minutt for servering.
- Eg satt i kassen på Eurospar (no Meny) i Sogndal i eit år, kvar mandag og annakvar helg blomstra eg i grønn gensar og røde bukser.
- Eg har gått i søvne på eit hotell i Miami og låst meg ute på gangen- kliss naken. Eg måtte ta heisen 16 etg ned i resepsjonen for å få hjelp til å komme meg inn att på rommet. Tre securitas-menn kom så opp å møtte ei skrekkslagen og ekstremt flau jente fra Norge. Dei må ha hatt det veldig gøy på mine vegne.
- Eg har blitt stoppa av sivilpoliti for å ha køyrt for fort, men heldigvis for meg hadde han ikkje måleapparat i bilen. Han var klar i sin sak på at lappen hadde blitt tatt på flekken. Flaks! (etter dette har eg blitt fullstendig paranoid når det kjemme til bilar bak meg på vegen, så no køyre eg som ei kjerring…)
- Eg gjorde min tv-debut på “KykeliKokos” på NRK (for dei som hugsar det… 81549300). Eg var innringar og vann heile musikkkonkurransen det året. Tone, 9 år. Fekk blant anna autografen til Morten Harket, og var megastolt!
- Allerede i 5.klasse var eg 171cm, og der skulle det stoppe. Kan ikkje sei at eg likte å vere høg, men i 8.klasse kom heldigvis mange etter. No føler eg meg akkurat passe.
- Eg er eit sovedyr, og aller helst skulle eg hatt 10 verdifulle timar på puta. Det er ikkje så lett da eg i tillegg har lakenskrekk og kjem meg seint i seng. Denne komboen er svært vanskelig! Haha. I tillegg har eg ei datter som helst vil at eg skal stå opp når hanen galar!
3 thoughts on “10 ting du kanskje ikkje visste om meg…”
Koselig og artig at du deler litt funfacts 🙂 Ha en fin dag🌸🤗
Kjekt at du likte det! 🙂
Så gøy å bli litt bedre kjent med deg Tone. Jeg har alltid vært fascinert av deg og nysgjerrig på å vite mer! Noe jeg lurer veldig på (som sikkert egentlig er litt ulovlig å spørre om) men jeg gjør det like vel: Har du lyst på flere barn? Hilsen fan, Ragnhild 30 år 😄