Reklame

I går var eg så heldig å få vere ein del av Melodi Grand Prix-showet. Ikkje som deltakar, men eg var med å synge for fine Tor Endresen som velfortjent fekk ein hyllest! Tenk at han har vore med på MGP 12 gonger, for ein sangar og artist han er!

Eg blei kjent med Tor på Hver Gang Vi Møtes i fjor. Da sang eg “Ingen Er Så Nydelig Som Du”, som er ein låt eg har blitt ekstremt glad i og gjort mykje i ettertid. Det var denne vi gjorde i går óg, Heidi Ruud Ellingsen, Christine Guldbrandsen og meg. Eg var i utgangspunktet ikkje nervøs, men da eg møtte Tor sitt blikk kjente eg at eg blei skjelven og litt rørt av at han blei rørt. Han er ein følsom mann, eg er ei følsom jente.   Det er jo alltid ein sann glede å få opptre i eit fullsatt Spektrum- Oslos Storstue! Og MGP, for eit show, for eit sirkus! Det er 10 år sidan eg sjølv var med, kom på ein finfin 2.plass etter Rybak. Og eg må sei at eg kjente litt på at det hadde vore gøy å oppleve det igjen. Vi får sjå ke framtiden vil bringe. Kanskje eg ein gang står på MGP-scena igjen?! Denne kjolen må få noken velfortjente ord. Den er noke av det finaste eg noken gang har hatt på meg, skulle ønske eg kunne ha den på kvar dag! TSH er som alltid heilt magisk. Tusen takk for at du kler meg opp gang etter gang. Eg føler meg alltid så fin! Ein liten cupcake! Og ho her da- som ALLTID er der for meg og svinga sminkekostane. Og ikkje minst så har vi det så gøy i lag. Verdens beste AG og Evelyn Solheim som fiksa håret mitt. Glam Squad no. 1! Dette var rett og slett ein kjempekveld, og eg er ei glad og fornøgd jente her eg sitter i dag- litt sliten i maska på ein søndag.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.