- Ete spekemat. Eg skal frotse i fenalår og deilige italienske skinker. Det er det beste eg veit og har vore hardt å holde seg unna.
- Mjuke ostar. Burgar med blåskimmer osv. Savn!
- Vin. Har ikkje savna det sånn veldig da kroppen slettes ikkje har crava det under graviditeten, men skitt så godt det skal bli. Gjerne i kombo med dei to andre tinga over. Omg. Ein tung, gul ein. Med hensyn til amming- slapp av!
- Springe fort. Eg likar å trene, og er spesielt glad i intervallar. Syns akkurat det er utfordrande med å vere gravid, at kroppen begrensar meg på områder. Heilt naturlig såklart, men eg gledar meg til å få tilbake superkreftene mine!!
- Jeans med høgt liv. Ååå, ja!! Det savna eg veldig. Eg er jo ei jeans-jente, og d er ikkje berre lett som gravid. Eg har hatt ei bukse heile graviditeten, og sjølv om eg ikkje kjemme til å passe inn i dei gamle med det første, så gleda eg meg til sjå att midja mi att.
- Sove på magen. Hallelujah. Ein burde vel ikkje gjer det i utgangspunktet, men kjære vene. Det er jo det beste. Da søve mor sjølv som eit lite barn. Går heller eit par timar ekstra til kiropraktor med skada nakke. #livetpåmagen
- Følelsen av ein vel gjennomført graviditet. For det er lenge. Og det er heftig og tungt. Og litt kjedelig. High five. Fy søren, vi damer er ganske så rå!
DETTE GLEDAR EG MEG TIL ETTER FØDSEL
