Alle treng gode ord i blant!

Eg er atter ein gang i ekstase over tilbakemeldingane etter gårsdagens Hver Gang Vi Møtes! Eg fekk æren av å avslutte Tor sin dag med ein nedstrippa versjon av “Ingen er så nydelig som du”. Eg trives veldig godt i dette formatet, berre meg og piano. I tillegg er jo låta så fin, og den betyr mykje for Tor. Den betyr mykje for mange, meg inkludert.

Og så var vi nesten heilt i mål, berre eit siste program gjenstår. I kveld er det duett-kveld, og det blir veldig kjekt. Dette blei eg aften med senka skuldra, alle pusta letta ut etter noken intense innspelingsdagar, og selfølgelig ein følelse av at ting hadde gått bra.

Eg er stolt av å ha fått vere med på dette fantastiske programmet, og mest av alt av å få være i lag med denne nydelige gjengen som eg har blitt så steikande glad i. I kveld trur eg at eg må sprette champagnen, og glede meg over alt som har skjedd dei siste to månadane.

Takk for responsen fra alle der ute! Eg får ikkje sagt det nok; eg er så glad for det, og teke det til meg. Og det skal vi  alle hugse på:

Viss du har fine tankar om noken, er det noken som fortjener oppmerksomhet og skryt; send ein liten melding! For sjølv om ein kanskje tenker at vedkommande ikkje bryr seg eller trenger det, så er det feil. ALLE treng gode ord. Det gir glede og motivasjon!

Huks å sjå på TV 2 i kveld kl. 20.00!

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.