Reklame

I dag har eg hatt ein veldig kjekk fotoshoot i lag med veldig flinke folk- til tross for at AG og Line begge er på feire. På sminke fekk eg testa Dajana- som jo er heilt sjukt god, og ei kjempeflink på hår fra Stavanger som heiter Henrikke. Stylingen sto eg for sjølv denne gangen. Ole Martin Halvorsen tok bildene, han som óg tok bildene til Pinnacle-sleppet. Som alltid blir det veldig spennande å sjå resultatet. Eg har trua.

No sitter eg stivpynta og fin i bilen på veg til Sogndal og hytta. Perfekt hytte-look. Haha. Greit å ankomme med stil før  joggebuksa og no-makeup-looken skal inntas.

Gledar meg til deilige høstdagar på hytta, og gleda meg ekstra fordi vi får levert utemøblar denne veka. Vi har ein stor terrasse som blir supernice å få i orden med sittegrupper. Satsa berre på noken soldagar, sjølv om det ser litt mørkt ut.

På lørdag skal vi feire mamma som blei 60 år i sommar. Både bror og søster kjemme til Sogndal denne høstferie, og det er så kjekt når vi alle ein sjelden gang er samla.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.