Dette kan trygt kallast ein litt seig søndag, men det er heilt innafor da dei siste dagane har vore greit innholdsrike! Deilig med ein søndag uten mål og meining. Men no har eg faktisk tatt på meg treningstightsen (som har låge ubrukt så lenge eg har vore her), og eg skal ta meg ei treningsøkt. Det blir nok grisetungt på ein dag som dette, men det er berre til å komme seg gjennom.

Mandag i morgo, og vi går inn i nest siste veke på Love Island. Sjukt kor fort tiden har gått her nede, og så rart at det faktisk snart er over. Litt blanda følelsar rundt det faktisk. Det blir jo heilt fantastisk å komme heim til det vanlige livet og familien, men samtidig litt vemodig at det heile er over. Eg har alltid masse følelsar rundt slike produksjonar.

Uansett. Fullt fokus og masse glede. No skal mor få sveitta ut litt!

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.