Bursdag, poker og påske!

I dag er eg hakket meir enn opplagt enn den versjonen av meg sjølv som satt på Gardermoen i går med posar under augene. I natt har eg fått sove ut etter 6 intense pokerdagar i Dublin. For det har vore litt av ein tur, sjølvsagt etter eige valg.

Poker NM på City West utanfor Dublin er eit av årets høgdepunkt. Poker har blitt ein av mine store hobbyar, det er så moro og ikkje minst ein veldig spennande sport. Det er ein tålmodighetsprøve, adrenalinet pumpar og så er det sosialt. Omlag 2000 nordmenn reiser ned dit kvart år, alle med ein optimisme og positivitet. Så mange forskjellige folk samla med ein og samme interesse. Det er ganske kult.

I tillegg hadde eg bursdag mens eg var der nede, ein fantastisk dag med gratulasjonar fra alle kantar. Det passa godt for ei som er rimelig glad i bursdag! Eg fekk frokost og gavedryss på senga av verdens beste kjæreste. Fekk superkule støvlettar, ein nydelig kjole, wedges, to bilder og champagne. Superhappy! Det føles bra å bli 31 år. Tusen takk for alle helsingar på sosiale medier, det gledar skikkelig!

No er det godt å vere kommen til Sogndal og ikkje minst sjå Billie att. Ho har kosa seg på ferie hos mormor og morfar i ei veke. Resten av påsken blir på hytta. Siste innspurt med snø og ski. Sola skinner her som mange andre plassar i landet, så det er duka for ein nydelig ferie.

God påske alle sammen! 😀

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.