Reklame

For eit sirkus eg har fått lov til å vere ein del av. For ein vill opplevelse! Da eg fekk forespørselen om å bli med var eg litt i tvil. Eg er ikkje spesielt glad i vinter, lika ikkje kulde, dårlig på ski (generelt alt som har med vinteridrett å gjere). Så koffor da ende opp med å takke ja til Camp Senkveld og konkurrer mot “Vinterheltane” beståande av Daniel Franck, Kari Traa, Thomas Ulsrud, Morten Djupvik og Anette Sagen?!

Eg diggar Helene og Stian! Eg syns dei gjorde ein strålande første sesong med nye Senkveld. Dei er proppfulle av positiv energi, og det syns eg er så gøy å få vere ein liten del av! Eg kjenner jo Stian fra Idol-tiden da eg var dommar og han programledar, og det er ein fryd å få jobbe med han igjen. To solstrålar!

I tillegg har vi alle godt av å komme oss ut av komfortsona av og til, og for meg var dette i aller høgste grad det. Eg har fått bryna meg på så mykje forskjellig, så mykje galskap, men aller mest pur morro! Eg sitter att med ein haug av inntrykk og opplevelsar. Eg gler meg til å sjå resultatet som kjem kvar fredag utover våren på TV2.

Premiere på TV2 8.februar kl 22.15Team Senkveld.

Burgar til kveldsmat etter ein lang dag.

Påskeskirenn.

Her blir vi straffa. KRAFTIG! 

To tøtter som ikkje er veldig happy!

Vi leikar familie.

Pantomime og eit kaldt bad.

IT´S A WRAP! Det er alltid ein magisk følelse, men óg litt vemodig. Da var eventyret over, og alle skal kvar til sitt.

Premiere på TV2 8.februar kl 22.15

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.