I morgon er det fantastiske Christel sin dag på Hver Gang Vi Møtes! Ei jente som eg har blitt så glad i, og som eg beundra enormt mykje! Eg blei kjent med Christel for mange år sidan, vi debuterte cirka samtidig og var på P4 sin Vinterlyd Turné i lag. Men det var først på Vestre Kjærnes Gård eg skulle bli ordentlig kjent med ho.

Eg høyrte mykje på debutplata hennas, “Closing the Distance”, og elska den! I mine øyrer var det noko av det vakraste eg hadde høyrt, stemma hennas var magisk og det samme var låtane.

Sjølv om Christel kanskje ikkje HEILT har fått den oppmerksomheten ho fortjener, har ho gitt ut mange album, gjort fantastiske duettar og skrive dei nydeligaste låtar. Christel er så god! Eg er så glad for at ho endelig får skinne, både musikken hennar og ho – for det fortjene denne jenta så inderleg. Som ho sjølv seier i sin eigen episode, “Jeg tror jo at jeg har et mye større publikum enn jeg har nå, di bare vet det ikke.” Så sant!!

Ein tenker kanskje på Christel som den rolige jenta, men eg kan sei: Ho er nordlending og kan jammen by på dei saftigaste glosar. I love it!

Eg gledar meg til å synge ein av låtane hennar, og ikkje minst gledar eg meg til å oppleve dagen hennar ein gong til. Dette blir ein fin sending!

Christel og meg var ganske ivrige på selfiane den dagen vi skulle gjenskape ulike platecover. På første bildet er vi i bandet Ramones som var Claudia sitt cover, det andre David Bowie som Silya valgte og sist, men ikkje minst: Christel som Billie Holiday.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.