Det er fredag, så hva skjer´a?

Good morning!

Fredagsfølelsen har vel aldri slått feil, heller ikkje i dag. Tanken på ein rolig lørdagsmorgen i sofaen med barne-tv og eplejuice for Billie, kaffi til mor, etterfulgt av ein lang frokost med egg og bacon. Er jo ikkje heilt utanfor det. Slike stunder setter eg høgt, er ikkje så opptatt av å vere på skogstur kl 10. Berre familiekos. Så kanskje ein trasketur utpå dagen. Kanskje. Om vi gidda.

I helga skal eg rikitg nok lufte meg litt på eigenhand. Eg skal spele jentepoker-turnering, noke eg gleda meg veldig til. Blir ikkje så masse poker i desse dagar, så når muligheten først byr seg, grip eg den. Også er det ekstra hyggelig at dette er noke eg og Tale (søster) likar å gjere i lag.

Fredagskvelden går til sushi og “The Voice”, eg er ein sucker for talentprogram på tv. Generelt likar eg godt tv-kvelden på fredagar, akkurat som i gamledagar. Skal ikkje gløyme lineær-tv heilt. Nei Gud. Snart kjemme jo Hver Gang Vi Møtes!

Friske blomster på stovebordet, masse digg i kjøleskapet- eg er klar for ei fin helg. Håpar di får det samme.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.