Desse bursdagsdagane har vore heilt ville, sånn virkelig heilt crazy banana! På torsdag blei eg 30 år, og det skulle vise seg å ikkje gå forbi i stillheit – heilt etter min smak! Eg våkna til frokost, sang, blomster og gaver på senga, og Billie var selvfølgelig minst like gira som meg (om det så går an). Eg fekk ikkje opna ein einaste presang, for det tok ho seg av, men inneholdet fekk eg da. Eg kan sei det slik at eg blei VELDIG glad! For ein fin og god kjæreste eg har!
Seinare på dagen sjekka Markus og meg inn på The Thief – som var ein overraskelse fra han. Der venta ein times massasje etterfulgt av digg lunsj og eit par pils. Noken timar etterpå høyrer vi musikk på naborommet, og Markus går og bankar på. Eg berre; “Men Markus, du kan jo ikkje banke på der, du kjenner dei ikkje”. Men joda, der spratt det no velkjente kroppar ut, venninna mi Hedda og kjæresten Kenneth hadde óg sjekka inn på hotellet! For ein herlig surprise.
Seinare på kvelden skulle eg bli overraska atter ein gang. På Hanami sto ein heil gjeng av gode venner og ropte “Hurra for deg!” da eg kom inn. Herrefred, så kjekt! Kvelden blei lang og fantastisk morsom. Eg storkosa meg!
Dagen derpå var eg bittelitt sliten, men adrenalinet i kroppen overkøyrde skallebanken, for eg var så glad og gira. Kl 13:00 banka det på døra til hotellrommet, og inn kom “The Glam Team”; AG, Evelyn og Henrikke. Enda ein overraskelse, og eg skjønte da at feiringen langt fra var over. Eg blei stæsja opp fra topp til tå, og følte meg fantastisk!
Så var det duka for “the main surprise”! Tale og meg tok taxi fra Tyven, og eg hadde sjølvsagt ikkje peiling på kor eg skulle eller ka som venta meg. Taxien tok oss til Bølgen & Moi (of course), og utanfor sto Markus og venta på oss. Da eg kom inn døra sto alle der! Virkelig ALLE min nære venner og familie! Mamma og pappa hadde komme heilt fra Sogndal, bror min fra Drammen, den gamle gjengen min fra barndommen og ein haug av folk som eg er så glad i. Eg trur det var rundt 100 der, BERRE FOR MEG! Da kom tårene…
Kvelden blei magisk fin, eg hadde det så sabla gøy! Tusen takk Markus, Tale, Jens, Hedda, David, Nina og Michael på Bølgen. Denne dagen kjemme eg til å leve lenge på, og den vil aldri bli gløymt. Eg føler meg som verdens heldigaste. Eg må sei at det er fint å bli 30 år, og eg er fortsatt god på å feste – det fekk eg bekrefta denne helga.
Takk til Aleksander With som tok bilder!
3 thoughts on “Dirty Thirty & Surpise Party”
Så kjekt at du hadde en fin 30-års dag! Det så helt sykt bra ut, og det samme gjorde du💕 Hvor er den fine kjolen din fra? Den var såååå nydelig!
Hei Elisabeth! 🙂
Tusen takk. Dagen var heilt fantastisk.
Kjolen er fra ByMaline, eg lånte den av ei venninne for anledningen.
Klem Tone
Gratulerer med overstått! Peroni har virkelig tatt spanderbuksene på…