Å ha ei snart 4 år gammal jente i hus, er stort sett berre fryd og gammen. Men ei 4 år gammal jente veit ke ho vil og har sterke meiningar. I dag tidlig var ho ein stabeis. Alt var feil; skoa, jakken, sveisen, maten. You name it! Eg ser på klokka, veit at eg får mindre og mindre tid til å nå tannlegetimen min i byn, prøve og komme med kompromiss. Slike dagar… eg rive meg i håret.

Men eg veit jo at det er slik det er. Det er vel strengt tatt ikkje berre 4-åringar som kan stå opp på feil fot. Eg hadde ein liten klump i magen da eg leverte ho i barnehagen i dag. Ei stressa mor er heller ikkje noke særlig å skryte av.

Alt gjekk heldigvis fint. Eg fekk melding av barnehagetanta 10 minutt seinare, og da var Billie ved frokostbordet, tulla og tøysa, og vår litt skeive start på dagen var gløymt. Eg rakk tannlegetimen min, hadde null hull, og var ein blidfis da eg køyrte til trening.

Life as a mum. Det er ikkje berre berre alltid.

FOTO: Aleksander With

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.