Eg skal leve lenge på dette

Så var vi komme til siste innspurt av Hver gang vi møtes, sjarmøretappen – som Tor Endresen skal stå for. Ein verdig og fin avslutning. Eg kjente ikkje Tor fra før, men lettare mann å bli kjent med trur eg ikkje finns. Tor var ein av dei eg blei aller best kjent med på gården, kanskje fordi både han, Hans Petter og meg alle hadde litt lakenskrekk. Vi syns rett og slett det var alt for hyggelig å sitte og prate, og var nesten alltid sist i seng.

Tor har ein historie om nesten alt, han er ein mann som har opplevd mykje, og er bereist og erfaren. Eg gledar meg til han skal bli hylla i morgon. Det fortjene han i aller høgste grad.

Dette er avslutningen, sett vekk ifra duett-programmet som skal gå allerede på søndag kl 20:00. Det føles rart når slike ting tar slutt. Eg har kjent på denne følelsen før; i Idol, Skal Vi Danse og Melodi Grand Prix… Det er like merkelig kvar gang, mest fordi eg kosar meg så voldsomt med dei ulike tinga, men også fordi eg går så knallhardt inn i det. Men eg skal leve på dette lenge. Denne opplevelsen har vore ein berikelse på mange måtar. Eg har fått utfordre meg sjølv, blitt bedre kjent med meg sjølv, kjent på nerver, glede og samhold. Trur jammen eg har blitt eit litt bedre menneske av å vere med på Hver Gang Vi Møtes.

Teksten fortsetter under bildene

 Sjå på han gode, fine mannen her da.

Vi skal heldigvis møtes “ein siste gang” alle sammen. Vi skal ut å ete ein bedre middag, sjå på klipp som aldri blei vist på tv, mimre og kose oss. Vi har blitt som ein liten familie, og den følelsen må vi prøve å ta med oss videre. Veldig glad i desse folka.

1 thought on “Eg skal leve lenge på dette”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.