Ein deilig mandag!

Det er alltid småtungt å stå opp mandagsmorgen, litt ekstra trøtt, ekstremt keen på å forlenge helga. Men det beste er å kaste seg ut i det, få opp energien og starte veka med brask og bram. I dag er det i tillegg 1.april, det er jo min bursdagsmånad! Sjølv om eg har bikka 30, så er eg LIKE glad i bursdag. Eg håpar (og trur), at den gleden aldri vil forsvinne. 

Det er formiddag i skrivande stund, og eg har akkurat vore på trening. Sveitta rumpa av meg på mølla med 20 intense intervallar, deretter mage og uttøying. For dei som lurer så sprang eg følgande intervallar:

45 sekundar på / 15 sekund av

Dei 5 første: Start på 11 km/t, øke med 0,2 for kvar runde

Neste 5: 12 km/t, øke +1 incline for kvar runde (eg har den alltid på 1 i utgangspunktet, så her skal du springe fra 2-6 på inc)

Neste 5: Jobbe nedover fra dei 5 foregåande, altså fra incline 6-2. Eg spring her fortsatt på 12 km/t

Dei siste 5: Her øker eg 1 km/t for kvar runde. Startar på 13 km/t, 14, 15, 16, 17. Og BOOM, så var økta over!!

Effektivt, slitsomt, men overkommelig.

Det beste med å trene er at ein får klarna hove skikkelig, og følelsen etterpå er ein av dei beste som finns! Trening gjer óg at eg blir ekstra motivert til alt anna kvardagen innheld. Også er det ein god følelse å ta vare på kroppen sin. Det er fantastisk å føle seg sterk!

No skal eg på butikken, pante flasker og handle inn til middag. I dag blir det eit eller anna med fisk. Kanskje laksetaco… Nam!

2 thoughts on “Ein deilig mandag!”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.