Reklame

Dagen derpå, dagen etter ein av årets høgdepunkt sånn festmessig, nemlig ELLE sin sommarfest. Det skal vere sagt at regnet som kom passa ganske dårlig, men vi “knefta” oss sammen inne på låven på Akershus festning, og stemning var heilt på topp!


Som alltid var det preppings hos VAAR først. AG og meg hadde ein plan før vi starta. Inspirasjon fra eit bilde vi fann av Miley Cyrus på Instagram, wet look- krøllar. Eg diggar å gjere nye og litt anleis ting med håret- ikkje alltid gå for hollywood-krøllar eller stram hestehale (sjølv om det alltid funkar). Denne sveisen satte ny rekord i hårprodukt for min del, eit tonn med vox-gele og spray. Eg syns det blei gøy! Hår og sminke skal jo vere litt gøy! Wet looken passa iallfall bra til det våte været.

Antrekket mitt var det som alltid beste Line som fiksa. Ho kom heim fra Frankrike for litt sidan, og jammen hadde ho ikkje vore ei litta tur innom Zimmermann og kjøpt med den fetaste country-blusen som eg var så heldig å få låne. Skjørtet var óg fra Zimmermann, men kjøpt på Soul i Bygdøy Allé. Dette er eit av dei finaste merkene eg kan tenke meg! Har lyst å gå med alt derfra, eg (men det kosta flesk). Bootsa eg gjekk med var fra Ganni, øyredobbane fra Tom Wood og favorittveska mi (fortsatt) fra Chloe. 

Dette var første festen denne veka. På torsdag er det Universal sin sommarfest- og sidan det er plateselskapet mitt MÅ eg jo på den! 😀 I kveld skal det iallfall slappast kraftig av, langflat på sofaen med ein iskald Cola.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.