Hejhej hallå! Pappa syns det var merkelig at eg hadde Sverige sitt flagg på jakka mi, og det kan eg for så vidt vere enig med han i. Men eg syns sammarbeidet mellom Acne Studios og Fjällräven er så kult, dessuten likar eg jo Sverige. Fekk jakka til jul, og elskar at den er så knæsj i fargen, pluss at ein kan vrenge den til å bli armygrønn. Mykje morro i ein og samme jakke!

Jaja, nok om det. Vinterferieveka har starta uten vinterferie for vår del. Vi er fortsatt stasjonert i Oslo og køyre kvardag enn så lenge. Fra torsdag tar vi oss ei langhelg på hytta, og det gledar eg meg ekstremt til. I tillegg er det Fjellsport Festivalen i Sogndal kommande helg, så eg trur det blir mykje liv! “Fjedle kadla og eg lyte gao”. Tja, e vel ikkje heilt slagordet mitt dét, men eg kosa meg på fjellet og spesielt på hytta. 

Eg er i planleggingsfasen av nye ting som skal skje, så dagane mine er relativt behagelige og sjølvstyrte (noke som innimellom kan vere litt utfordrande). Eg er godt i gang med trening, og eg kjenner at det gir meg mykje energi! Det er veldig deilig! Var det noken som las Annema sitt innlegg forresten? Eg blei så inspirert av det. Ho skriv:

På dager jeg skal trene kondisjon gjør jeg alltid et program for mage/kjerne etterpå. Det trenger ikke være så tungt eller komplisert, bare det brenner i magen og gjør vondt å le dagen etter. For meg er dette blitt en greie – aldri kardio uten abs etterpå.

I går køyrte eg 1 time på elipsemaskin (ja, det er lenge..), og etterpå- kun på grunn av Annema, køyrte eg 5-10 min med mageøvelsar (sit-ups, side sit-ups, planke og sideplanke). Eg er ei som like gjerne kunne pakka sekken å gått derfra uten dei siste øvelsane, men det føltes så deilig og tok så kort tid! Berre ein liten anbefaling til di som trena kardio.

Tone-tiden er snart over, og eg skal hive meg i bilen å hente tassen i barnehagen. Nyt ferien eller kvardagen- alt ettersom.

FOTO: Magnus Westerlund 

1 thought on “Ein liten inspirasjon”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.