Denne høsten har enn så lenge gått i rasande fart, men på ein veldig god måte. Eg har masse som skjer, og eg storkosa meg med det. Eg jobba i studio med forskjellige folk og låtar, og no trur eg vi har landa på neste singel som skal ut. For ein glede! Skal i studio etterpå for å ferdigstille. Gleda meg som eit lite barn.
I helga var vi på hytta i Sogndal, endelig er sesongen her igjen! Det var så deilig å komme opp dit- ro, fred og frisk luft. Det er digg å flykte fra byen innimellom, komme heim til den beste plassen eg veit om. Eg elskar hytta vår! Høsten er så fin, det er faktisk godt etter sommaren å kunne pakke seg inn i litt tjukkare kle.
No sitt eg i morgenkåpa, har akkurat dusja, men ettersveitta som ein gris etter intervalløkta på tredemølla. Kanskje da ein dårlig idé å helle nedpå presskannekaffi som eg akkurat har mekka, men kjenner at eg treng dagens første koffeinkick for og komme skikkelig i gang.
Håpar alle har ein så langt fin torsdag. Snart helg! Woopwoop.