Reklame

Dagen i dag har vore skikkelig fin. Det beste som finns er å våkne til sol og blå himmel, ei smørblid og kosete datter og god tid på morgonen. Vi våkna 06:30, og vi var ute av døra tidligare enn normalt.

Det er ikkje kvar dag eg leverar i barnehagen nysminka og i kjole, men i dag var ein slik dag. Etter at eg hadde levert gjekk eg på butikken, kjøpte ferskt brød, sjokolademelk og Costume- deretter tok ein rooolig halvtime i godstolen før eg køyrte til Frogner for å plukke opp Hedda. Så var det duka for frokost på Theatercafeen i regi av ByTimo med påfølgande moteshow. Så mykje fint, ein heil haug av kjolar å drømme seg vekk i. Hadde sjølv på meg ein kjole som eg fekk låne fra ByTimo i dag. Elska den.

Tine Andrea satt på bordet med oss. Ho er ein av dei eg likar å følge for inspirasjon på klesfronten. Sabla god på å kle seg, etter min meining.

Etter visningen dansa eg meg opp i studio der eg var ut resten av dagen før eg måtte komme meg heim til mann og barn. Har blitt meir 9-16 jobbar altså, egentlig litt “unormalt” når det kjemme til studiojobbing. Før i tiden begynte vi alltid seint og avslutta seint, dette er er snudd opp ned dei siste tre åra, gitt. Men dei siste timane før vetlemor skal legge seg er prislause, dei skal eg ha med meg.

Snakkast snart.

Tone.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.