Dei siste åra har vi feriert mykje i Norge, vi har satt oss i bilen, køyrt mil etter mil og besøkt venner på ulike hytter. Det har vore så fint, kanskje det aller beste ein kan gjere om sommaren. For ingenting er finare enn Norge på denne tiden, men så er det denne værgarantien da. Fjoråret var som alle veit magisk, men at det samme sommarværet kjem att i år ser rimelig mørkt ut. Derfor har vi valgt annleis denne gangen. I sommar skal vi til…

 

Meg og Tale på bilferie da vi var små.

Orlando og Disney World! Dette blir altså ikkje ein ferie for å dekke dei voksne sine behov i første omgang. Dette skal bli tidenes ferie for Billie! Det blir nok garantert fint for oss óg da. Markus har spotta eit par golfbaner rundt hotellet og eg såg ei og anna solseng der, så eg trur alle skal bli greit tilfredstilt. Dessuten er jo Disney World ein opplevelse for både store og små. Billie var iallfall rimelig i fistel da ho fekk vite kor vi skulle. Ekstra kjekt er det at vi skal reise i lag med søster og hennas familie. Kjekt for oss voksne og megakult for Billie å kunne leike med søskenbarna sine i to veker.

Etter 5 dagar i Disney World skal vi leige hus kor vi skal vere i ei drøy veke. Eg trur dette blir heilt fantastisk, og eg gledar meg skikkelig!

 Meg, Tale og pappa på Mallorca i 1994.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.