Ein kan lure på om det har klikka heilt for oss på det første bildet, men det er altså ein meining bak det. Vi fekk alle på gården i oppgave å velge oss ut eit platecover vi likte, som vi så skulle gjenskape. Silya valgte David Bowie (as you can see), og vi andre blei pent antrukket som bandet hennas. Vi såg ikkje kloke ut, men ekstremt morro!

I morgon er det altså denne dama sin dag på “Hver Gang Vi Møtes”. Silya er i toppsjiktet av dei finaste menneskene eg har møtt. Eg kjente ho ikkje fra før, og tenkte vel i utgangspunktet at vi var ganske så ulike. Og ja, på noken måtar er vi det, men eg trur vi begge blei overraska over kor like vi også var.

Og som eg lo. Silya er eit fyrverkeri, eit levande sirkus. Fra kl 06:30 om morgonen da vi satt i sminken- var kjeften i gang, og eg elska det! Just my kind of girl. Innimellom blei ho sliten av seg sjølv. Eg blei aldri sliten av ho- tvert imot. Denne dama gir energi i bøtter og spann!

Eg gledar meg slik til å sjå hennas episode i morgon. Eg kan love at ho byr på ein historie og eit liv utenom det vanlige. Også var det fantastisk å få tolke ein av låtane hannas. FOR EI DAME!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.