Så var eg heime igjen etter nesten to månader på Gran Canaria. Det er deilig, men óg rart når slike store prosjekt tar slutt. Og dette tok slutt veldig brått.

 

Finalen som var for ca 1,5 veke sidan er noke av det drøyaste eg har gjort. Slike nerver er det sjeldent eg opplever. Eg hadde riktig nok fått bra med trening i mange veker med innspeling, men ingen trening i å lede eit program LIVE. Tanken på det syns eg var griseskummel; heilt aleine! I tillegg er Love Island ein ekstremt “levande” produksjon. Med det meinar eg at manus ikkje kan skrivast ferdig før dagen før da ein aldri veit ke som skal skje. Så finalemanuset blei klart natt til sjølve sendingen- det er ganske kort tid på å lære seg all tekst! Eg våkna på morgonen og tårene kom umiddelbart. Eg hadde mest lyst å springe fra heile greia! Eg vil tru ein kan sammenligne det med ein stor eksamen, og ein er ikkje veldig gira på å møte til ein eksamen uten å kunne pensum godt nok.

Men eg kunne jo ikkje springe fra det… Heile dagen var eg ganske rar, stille og fokusert… AG og Henrikke fekk virkelig oppleve ei anna jente sminkestolen. Eg las og las og las.

Så var sendingen der! Eg kunne ikkje anna enn å stole på meg sjølv og gjere mitt beste- og det var det eg gjorde. Og etter forutsetningane så syns eg at eg kom meg greit gjennom. Da eg var ferdig føltes det som eg hadde vunne Grand Prix- eg var så lykkelig og gira!! Da skjønte eg óg koffor eg drive med det eg drive med. Ekstremsport på sett og vis- og verdens beste følelse etterpå!

Allerede morgonen etterpå satt vi nesten heile gjengen på flyet heim til Norge. To månader “gone in a flash”! Så mange følelsar og gode minner å tenke tilbake på. Og heldigvis sit eg att med ein kjempegod følelse og veldig glad for at eg valgte å takke ja til denne jobben. Det har vore moro, lærerikt og spennande. Og takk for alle fine tilbakemeldingar- det har vore så viktig og godt!

På Gardermoen sto dei to beste i verden å venta på meg med blomster og kjærlighet! Da kom tårene enda ein gang. Det har vore utfordrande og til tider vanskelig å vere vekke fra dei og gjensynsgleden var fantastisk. Endelig samla igjen, endelig tilbake til den fine kvardagen- den som i mine auger er aller best!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.