Eg sleppe ikkje ferien heilt enda, pluss at eg har fleire bilder eg vil dele her på bloggen. I Dubai møtte eg Tove Åsum Forwald som er fotograf og busatt der. Mens vi tok ein drink på stranda knipsa ho noken bilder av meg, det var riktig så fint, for eg gløymte nærmast kvar dag å ta med kamera ut. Så mykje å tenke på når ein er ferie, veit du. Når det er sagt ville ikkje mine bilder blitt i nærheten av dei som ho tok.

Det er deilig å sjå tilbake på desse bilda, i dag tidlig var det -2 grader her heime. Tenker å leve lenge på denne ferien og varmen.

Men det er ikkje berre i  Dubai det er morro, her heime er det jo Halloween-tid. Sosiale medier har hatt overflod av bilder fra helgas festligheta, og det er kjekt å sjå på kreativiteten til folk når det kjem til sminke og kostyme. I morgo er det min tur til å kle meg ut! Det er faktisk første gang eg gjer noke ut av Halloween, men i år er vi invitert på party- og eg gledar meg skikkelig!!

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.