Heime fra ei strålande helg i København som innebar god mat, drikke og pokerturnering. For oss; heilt perfekt! I tillegg gjorde både Markus og meg det ganske bra i turneringen, så vi er berre glade og fornøgde.
Denne solfylte mandagen har starta veldig rolig her i huset. Har akkurat komme heim fra fotbehandling på Beths Beauty (spons), fint å få rydda litt opp før sandalar og strand ventar i Dubai. Tanken på bikini, sommarkjolar og varme er så digg. Skal ligge på lading i ei veke, og forhåpentligvis komme heim glødande og glad. Tale og meg ville gi denne turen i gave til mamma fordi og ho blei 60 år i sommar, men aller mest fordi vi tre aldri har vore på tur aleine før. Og hadde det ikkje blitt no i forbindelse med den store dagen, så hadde det kanskje aldri blitt. Gledar meg veldig. Har aldri vore i Dubai før, så om noken har tips, fyr laus!
Straks tid for å hente dronninga i barnehagen. Skal bruke ettermiddagen til å snuse på ho.
Ha ei fin veke!
T.