Sommaren altså. Eg føler at alt anna enn oss som familie ikkje eksistera. Folk er vekkreist, vi er vekkreist, kontakt med omverden er nesten ikkje-eksisterande. Men det er heilt greit det. For ein liten periode. Så kjem vi alle tilbake i august med full tank og eit stort smil om munnen.

Eg har egentlig brukt denne månaden til å “komme meg” etter den fantastiske tiden på Hver Gang Vi Møtes. Etter endt innspeling gjekk lufta litt ut av ballongen, naturlig nok vil eg tru. Ein heftig, spennande og ekstremt morsom opplevelse, men har så til dei grader trengt tid på lande skikkelig. Trur eg har landa no. Ingen spøk med mykje nerver, lange dagar og lite søvn. 

Akkurat no er vi på Bømlo hos Tale og Jens. Dei har to nydelige naust her, og vi er heldige som får låne det eine mens vi er her i noken daga. I går var det knallfint vêr, vi sto på vannski (min første gang på 20 år), padla, bada (15 grader i vatnet), fiska og grilla. Skikkelig fin dag. Og skikkelig hyggelig å vere her.

Om noken daga vender vi snuten mot Kristiansand og Dyreparken. Billie skulle egentlig gi smukken sin til Kaptein Sabeltann, men treng ikkje det likevel da ho slutta mens vi var i Spania. Føler at barn veks så mykje om sommaren, plutselig er ho blitt ei stor jente. Lært seg å sei R og greier. Veldig gøy!

Etter det er vi ferdig med ferie. Da skal vi heim til ny plass å bu, Billie skal få ny barnehage, og eg gleda meg vilt til å ta fatt på kvardagen att. Elska jo kvardagen.
Håpa alle nyte denne fine tiden.

Klem fra meg.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.