Eg sitter igjen med ein så god følelse etter denne ferien i Dubai. Herrefred, så fint vi har hatt, fint og ikkje minst kjekt. Eg hadde aldri vore der før, så for meg var alt nytt og veldig spennande. Tale og meg har ei god venninne som bur og jobbar som flygeledar i Dubai, så vi blei tatt med rundt på ting og tang, noke som jo var veldig fint. Bra å bli guida rundt av folk som kan plassen.

To dagar etter vi kom var vi på ein heilt rå Brunch som heite Bubbalicious på Westin. Eg trur eg aldri har sett makan til buffet (eg er egentlig ikkje så fan av buffet, men denne elska eg!) Her var det rom etter rom med alt du kan tenke deg av mat; ein avdeling med sjømat, indisk, thai, japansk, sør afrikansk, svin, eit osterom, eit candyrom, food trucks og selvfølgelig mange stasjonar med ulike ølsortar. Eg falt pladask for den lille Fiaten som var fylt med Peroni i panseret. Her åt og drakk ein så masse ein ville i tre timar for ca 1000kr.Nest siste dag var vi ti personar som leigde ein Yacht og cruisa rundt i tre timar. Skikkelig fint å sjå Dubai fra ein anna vinkel, og ikkje minst heilt magisk å vere på sjøen.

Foruten om desse aktivitetane gjekk det mest i strand, sol og shopping. Eg har lest bok, fått dilla på kryssord, berre kosa meg verre i 6 dagar. Eg vil definitivt tilbake. Dessuten syns eg Dubai var veldig barnevennlig, kanskje sett vekk ifra at det var heilt sjukt varmt. Viss eg skal reise med Billie og Markus vil eg nok kanskje reise på ein tid da det ikkje er 39 grader som no.  

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.