Ein litt forsinka helsing fra helga som var. 17.mai og hurramegrundt! Det var ein nydelig dag og Billie storkosa seg. Ho kunne ikkje få på seg bunaden fort nok, møte farmor og søskenbarn og ete is. Champagnefrokosten har dei siste åra blitt bytta ut med traktekaffe og sjokoladekake, Solli-plass med Høvik Skole og dans på bordet med hyggelig grillings hos venner. Heilt perfekt, og selvfølgelig heilt på sin plass.

Sjølv var eg rimelig slått i bakken av pollen. I to timar låg eg i vater på senga med bunaden på og sov. Fullstending kollaps. Men eg tok meg sjølv i nakkeskinnet og kom meg på beina igjen, og vi fekk ein hyggelig avslutning på dagen. Alle fornøgde, glade og slitne da dagen var omme.

Resten av denne langhelga som skulle by på så mykje fint har eg vore sengeliggande. Feber, rennande auger, pottetett, sår hals og vondt i kroppen. Er alt dette pollen, eller er det influensa? Eg klara ikkje å skille, uansett er det skikkelig dritt…

Denne mandagen går altså til å prøve å bli frisk og komme meg på beina. I morgon skal bli ein god dag, det har eg bestemt meg for!

Håpar alle hadde ein fin 17.mai og ellers ei fin helg 🙂

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.