Dette er ein ny tid, og eg supergira! Eg gler meg enormt til å ta fatt på Dailystory-eventyret, og har i aller høgste grad trua på at dette skal bli både moro og bra. Vi er jo ein venninnegjeng som har starta i lag, så arbeidsstundene våre føles ikkje som jobb, sett vekk i fra at vi sitte med snutane nedgravd i tastaturet. Vi skravla og ler, og kosa oss verre i desse stundene som vi jevnlig har.
Ein ny kvardag, eg gledar meg til å bli inspirert av dei andre i gjengen, ha eit kontor å gå til og dele så masse av meg sjølv som eg berre maktar. Eg håpar at du som lesar vil engasjere deg, komme med kommentarar og tilbakemeldingar på ting du ønsker at vi skal skrive om. Vi har allerede mange fine planar, men er selvfølgelig opptatt av å tilfredsstille deg lesar.
I tida framover er det mykje kjekt som skjer i mitt liv. På nyåret er eg aktuell som ein av artistane i ”Hver Gang Vi Møtes” på TV 2. Det boblar innvendig, og eg er utruleg spent, men aller mest gira og glad for at resultatet endelig skal komme ut. Det føles så lenge sidan vi var på gården, samtidig har eg tenkt på opphaldet kvar einaste dag sidan vi forlot Vestre Kjærens gård. Ein sjuk påkjenning for kropp og sjel, men i aller høgste grad verdt det.
Eg skal selvfølgelig dele masse derfra her på Dailystory, og kan love bilder og gøyale behind the scenes-historiar.
Dailystory er i gang, men eg skal fortsette å blogge under Adlink fram til februar då dette er ein del av min kontrakt med dei. Eg skal likevel bidra med det eg kan her da, så vi sjåast nok her også!
Håpar du vil følge oss!
2 thoughts on “Hver gang vi møtes her”
Hvor er den kule genseren din fra? 😀
Den er fra Gucci 🙂