Reklame

Jentetur til Stavanger. Rettare sagt ein jentetur kombinert med med andre ting. For min del var det for så vidt kun pleasure, mens dei andre hadde sine arbeidsoppgaver som var heile utgangspunktet for turen. Mi kjære venninne, Camilla, har akkurat lansert kleskolleksjon som ho har gjort i sammarbeid med Line Langmo.

 

På onsdag var det kundekveld på Après, ein fantastisk fin frisørsalong i Stavanger. 150 personar var invitert til sushi, sminke- og hårleksjon og muligheten til å sikre seg Line Langmo og Camilla Stenberg sin nydelige kolleksjon. Det einaste eg gjorde var å sitte som modell for AG som sminka og Caroline som ordna meg fin og fjong på håret. Ganske enkel, grei og takknemlig oppgave for min del.

Etter eventet gjekk vi på Fish & Cow i sentrum der vi åt supergod mat og drakk noken herlige vinar. I tillegg fekk vi styre musikken der, og da kan eg love deg at eg blir i rimelig godt humør. Elska å leike DJ. Ikkje minst å få spele akkurat den musikken eg vil høyre på og som gjer meg glad! Trur alle var glade, eg. 

Heim til hus og familie, og heim til helg. Det kan eg ikkje akkurat klage på. Skal bli deilig å legge beina på bordet i kveld og berre slappe av. I morgo skal Billie og meg kose oss på MGP jr på Telenor Arena, så her e det berre til lade batteria. Ei som har litt sommarfuglar i magen her, kan du sei.

God helg til alle! Måtte det bli ei knakandes fin ei. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.