Vi er heime hos mamma og pappa, berre Billie og meg denne gangen. I helga er det duka for den årlige julekonserten i Kulturhuset her i Sogndal. Vi er så heldige å få spele for tre utsolgte hus. For meg har dette blitt tradisjon, selvfølgelig skal eg heim å vere med på denne hyggelige konserten i lag med lokale musikarar, dei som eg har spelt med heilt sidan eg var liten.
Akkurat no sitte eg med headset på, lyttar til alle låtane eg skal gjere. Etterpå er det øving med gjengen, før eg skal nyte fredagskvelden i sofaen med mamma og pappa.
Jula nærma seg med stormskitt. Som alltid kjemme eg sikkert til å ha det grisetravelt veka før jul, typisk meg å tenke at eg har god tid, for så å springe rumpa av meg rett før juleferien starta. Jaja, det ordna seg alltid. Det er nok fleire enn meg som har det akkurat slik.