I dag sto eg opp to timar etter at klokka ringte. Det føltes ut som mission impossible, blytungt! Eg fekk omsider karra meg inn i dusjen, det var som alltid det einaste som skulle til for at kropp og sjel kom i gang. Litt ekstra “puffy” i trynet i dag, men det lever eg greit med.
Heldigvis var det rom for ein slow start i dag, skal ikkje i studio før i kveld. Passa meg ypperlag med ein slik mandag. Tenk, det var jo slik eg jobba i “gamle dagar”, da sov eg til langt på dag og jobba til seint på kveld. Som småbarnsmor har naturlig nok alt dette blitt snudd opp ned. Altså meir som folk flest. Det er noke veldig deilig med det óg.
Og apropos studio. Eg driv å jobba med ein låt som eg trur kan bli skikkelig fin. Iallfall har eg ein veldig god følelse rundt den, og eg gledar meg til å få ferdigstilt den så kjapt som mulig. Eg blir så sinnsjukt gira. Ekstremt gøy!
No sitter eg på “kontoret”- også kalla Bølgen & Moi. Kaffe på bordet og mac´en i full sving. Rolig og fint. Bortsett fra den eine parkeringsboten eg må betale. Grrr… Eg brekke meg av dei ekle gule lappane. Det verste var at eg fekk den med el-bilen min som egentlig står gratis- eg glømte berre å snurre på klokka. Sløvt og da sikkert fortjent… Like bittert likevel.
Men ei litta parkeringsbot får slettes ikkje øydelegge dagen min. No skal eg snart hente i barnehagen, vere med Billie på pianotime og lage middag før eg stikker i studio.
Håpar alle har ein fin mandag!
3 thoughts on “Just like the old days”
Hei, hvor er buksene fra?
Hei!
Ønsker sånn et hverdagssminke og hår innlegg fra deg 🙂 Hva du bruker og hvordan du gjør det.
Klem Tone 🙂
Det skal eg få til! 😉 Har mine tips og triks.